Det kan fyrst vere greitt å understreke at regelverket seier at det skal vere 0,75 m2 tett areal per sau. Sjølv om det samla arealet utgjer meir enn 1,5 m2 per sau som er minstekrav for økologisk sauehald. Skulle ein til dømes ha 3 m2 tilgjengeleg areal per sau, er det likevel ikkje meir enn 0,75 m2 av dette som må vere tett.

Nybygg

Når det skal byggast nytt, bør det gå greitt å få på plass ei løysing som ivaretek kravet om at halvparten dyrearealet skal ha tett golv. Til dømes ved å bygge ein del av golvet med tredekke eller anna materiale og den andre delen med strekkmetall og/eller rister i kunststoff.

Om tilhøva elles ligg til rette, kan den delen som har fast golv, byggast på grunnen, om slik kjellarløysing elles er valt.

Talle

Talle er rekna som tett golv og er aktuell både i nye bygningar og eksisterande om tilhøva ligg til rette. Den som har talle i meir enn halvparten av dyrearealet, oppfyller følgjeleg kravet om tett golv. Eventuelt i kombinasjon med anna tett golv. Og naturlegvis. Ein kan ha talle i heile arealet.

Trivs godt

Talle og djupstrø er golvløysingar dyra trivs godt med. Om desse vert lagt og stelt rett, er det lunt, mjukt og triveleg; biletleg sagt som golv med undervarme Utfordringa kan vere tilgangen på strø. Ikkje minst komande vinter etter ein sommar med avlingssvikt over store deler av landet, og kvart eit halmstrå eigentleg trengs til dyrefôr.

Treflis som talle-materiale er heller ikkje like lett tilgjengeleg over alt.

Uteareal

Har ein knapt med å få til tett areal innadørs, ken uteareal nyttast under føresetnad av at det er tak over

Ombygging

Når eksisterande bygningar skal byggast om eller -til, er det gjerne meir utfordrande enn ved nybygg, men sjeldan umogeleg. Det føreskrivne arealet skal i alle høve vere på plass, og då dreiar det seg om ei inndeling av dette slik at kravet om 0,75 m2 fast dekke per sau vert stetta.

I rapporten frå NORSØK er det vist fleire eksempel på slik ombygging og/eller tilbygg.

Situasjonen er ulik frå bygning til bygning, og få om nokon er like. Her må fantasien brukast, og forfattaren si erfaring frå ein del års fjøsplanlegging, er at bønder flest er god til å finn praktiske løysingar; og så i eventuelt samarbeid med ein bygningsplanleggar få utarbeidd meir detaljert utforming, utføring og kostnad med tanke på finansiering, om det er naudsynt.

Økonomisk berbart

Det er ikkje spesifikt arealkrav for konvensjonelt sauehald og det er gjennomgåande (vesentleg) mindre areal per sau enn kravet i økologisk sauehald (1,5 m2 per sau). I mange konvensjonelle buskapar ligg bingearealet på 0,9 – 1,0 m2 per sau.

På den andre sida er det ein fordel også for konvensjonell drift om ein kan tilgodesjå sauene med noko meir areal enn det som synes å ha vorte ei slags minstenorm.

Innovasjon Norge

Så har ein Innovasjon Norge sine meir og mindre offisielle normtal for kva ein husplass til sau kan koste; og når så kvar einaste kvadratmeter bygg kostar, er det meir utfordrande når ein sau skal ha 1,5 m2 "husrom" enn der den får greie seg med til dømes 1,0.

Ei eller ein som (nyss) har bygt ut for økologisk drift og no har krav på seg om å tette ein del av golvet, får ei ekstra økonomisk utfordring oppå eksisterande huskostnad.

Det er då viktig å finne løysingar som både er økonomisk berbare og ivaretek dyrevelferda.

Ligge eller stå

Når det er både tett og drenerande golv, bør mest mogeleg av avføring og urin falle på det drenerande og i minst mogeleg grad på det tette. Dyr er ikkje så lett å kommandere til å gjere slik og slik, men litt kan ein prøve. Ein grei kombinasjon av drenerande golv kan vere dels strekkmetall (ved fôrbrettet) slik at klauene vert slipt og dels plastrister eller liknande som er behageleg å stå på. Får ein så sauene til å ligge på det faste golvet, er noko oppnådd.

Det kan gjerast ved å ikkje lage dette for breitt då sauen likar å ligge inntil veggen, og ein kant opp til det faste arealet slik som ved liggebåsar / liggeareal for storfe kan vere verd å prøve.

Sauebingar

Mange sauefjøs har bingar med drenerande golv, front mot fôrbrett og vegg eller grind i bakkant. For å redusere graden av ombygging for økologisk drift, kan det greiaste vere å tilpasse plassen langs fôrbrettet slik at ein oppfyller arealkravet utan å endre bingedjupna. Er til dømes bingen 2,40 m djup, vil 63 cm langs fôrbrettet gje 1,50 m2 per sau. Når 0,75 m2 per sau skal ha tett golv, vert det her 1,20 m av djupna. Er bingane smalare eller breiare, tilpassar ein plassen langs fôrbrettet

NORSØK viser i rapporten til at 80 cm breitt liggeareal er høveleg som liggeareal for sauen, og for den som skal halde reint. Det passar til ein "Europall" (på langs) langs bakkanten. Resten av det faste golvet, her 40 cm breitt, legg ein då langs fôrbrettet.

Når sauene står og et, vil dei gjere frå seg på den drenerande delen. Mellom fôringstidene er arealet disponibelt som liggeareal om dyra synes det er breitt nok.

Ombygging av storfefjøs

Arealkravet til økologisk sau gjer at ein med enkel ombygging kan sette sau inn i eldre båsfjøs for storfe. Forbrettet kan ein bruke som det er, og plassen mellom forbrett og ytterveggen brukast som sauebingar. Eventuelt med drivegang mot yttervegg. Ved ei slik ombygging er det lurt å utforme bingar og fordeling mellom fast- og drenerande golv slik at ein slepp unna med minst mogeleg betongsaging.

Helling på tett areal

NORSØK har som ein del av prosjektet gjennomført ei undersøking av stå og liggeåtferd for sauene med ulike halling på dekket. Dette kan ein lese nærare om i rapporten. Konklusjonen er at ei halling på rundt 10º er eit høveleg kompromiss mellom reinhaldsarbeid og liggetid. Undersøkinga viser at med 0º grader halling er liggetida lengst, og arbeidet med reinhald mest omfattande. Omvendt er det når ein kjem til 15º Då held dyra det reint stort sett på eiga hand, men liggetida er også kortast.

Her vert det eit spørsmål kva den einskilde prioriterer.

Dekke på tett areal

Sauen likar å ha det lunt når den skal ligge. Ikkje minst når pelsen er kort etter klipping. Om ein vil at sauen skal ligge på det tette arealet, bør det vere slik overflate. Tredekke høver godt i så måte; kombinert med nok strø til å halde det tørt. Er dekket av betong, trengs det liggematte pluss strø om ein då ikkje har djupstrø eller talle.

Europallar

I rapporten frå NORSØK vert det vist til at pallar ("Europallar") er veleigna som tette areal. Det er standardiserte trepallar brukt til transport. Dei er 1200 x 800 mm og 145 mm høg. Toppdekket er bord i lengderetninga med opningar imellom. Prisen på "finn.no" var denne dagen 115 kr per stk. pluss MVA og ev. frakt. Brukte kan ein truleg få rimelegare, men sjekk tilstanden.

Når den skal brukast som fjøsdekke, må mellomromma mellom toppborda dekkast med høvelege lister eller plate. NB! Mattilsynet krev at pallar vert gjort heilt tett for at det skal kunne godkjennast som tett golv. Dei godtek ikkje "gliper".

Det er elles viktig å avfase ytterkantane og fjerne fliser før dyra slepp til.

Sau pa platt
Frå forsøk med ulike løysingar med tett golv i regi av NORSØK som del av det omtalte prosjektet i 2017. Foto: Rosann Johnsson
Sauebinge1
Skisseteikning av ein vanleg sauebinge med drenerande golv ombygt med delvis tett golv i tråd med regelverket for økologisk sauehald. Det er brukt ein liggepall ("Europall") langs bakveggen i bingen og ein trøpall mot fôrbrettet.

Varme- eller giftbehandla

Eit par tilhøve skal ein vere klar over ved bruk av slike pallar. Treemballasje til transport over landegrensene skal vere behandla for å ikkje drage med seg parasittar og andre skadegjerarar. Det er to behandlingsmåtar: varmebehandling eller sprøyting med metylbromid. Metylbromid er rett nok forbode i dag, men det er både unntak ved transport og det kan vere pallar frå eldre tider.

Ved bruk i husdyrrom må varmebehandla pallar vere einerådande. Slike pallar er YY-merka "HT". Dei andre er YY-merka "MB".

Mellomklossane i Europallane er anten i heiltre eller laga av trespon. I fuktig fjøsmiljø er heiltre mest haldbart.

Tilbygg eller andre areal

Dersom ein ikkje får plass til nok areal / nok areal med tett golv i eksisterande bingar, må det anten byggast om eller byggast til. Tilliggjande areal kan nyttast om slikt er tilgjengelege, og då må ein bruke fantasien for å finne beste løysing i den aktuelle fjøsen. Om dyra må gå noko til og frå, går det erfaringsmessig greitt. Dei vil alltids ta seg attende dit det er mat å finne.

Utandørs areal kan nyttast som del av det samla areal til sauene om det er tak over og dei fritt kan gå imellom.

I rapporten frå NORSØK er det vist fleire eksempel på korleis ombyggingar kan skje, og desse vil vere til god hjelp og inspirasjon.

Gjødsla i kjellaren

Dersom ein har kjellar under golvet, vil ein med 50 % drenerande golv få gjødselfallet konsentrert til ein mindre del av kjellaren enn om heile golvet er drenerande. Det kan gje utfordringar med høgda om kjellardjupna er knapp. Dessutan kan det verte fastare haugar som er meir utfordrande å røre opp ved blautgjødselhandtering. Særleg når gjødsla er tørr.

Det er derfor ekstra viktig å fylle i godt med vatn før innsett om hausten, og det kan vere lurt å jage ut sauene og røre om i kjellaren ein fin vinterdag eller to.

Finansiering

Spørsmålet om finansiering kan kome opp dersom det viser seg at tilbygg og/eller meir omfattande ombygging må til, og då er Innovasjon Norge nærliggjande. Om dei går inn og finansiere slike prosjekt, må ein undersøkje hos deira regionale kontor.

Det er fastsett i årets jordbruksoppgjer at det i 2019 ikkje skal gjevast finansiering frå Innovasjon Norge for utbygging til sau, men det er gjort unntak for etablerte økologiske buskapar der det er naudsynt med investeringar for å imøtekome kravet om at halve dyrearealet skal ha tett golv.

Innovasjon Norge viser elles til at deira vanlege reglar gjeld; m.a. to overordna krav.

1: Prosjektet skal vere lønnsamt. Det vil i praksis seie at driftsplanen viser positivt resultat; og

2: Finansieringsmidlane frå Innovasjon Norge skal vere utløysande (naudsynt) for å kunne gjennomføre prosjektet.