Sporar er ein plagsom gjest i mjølka, og kan fort gi store negative følger for mjølkeprisen. Men kva er sporar? Er nokre ensileringsmiddel betre mot sporar enn andre? Og kva med maskiner og teknikk i slåtten? I denne episoden av Vestlandsbonden, har vi gått litt utradisjonelt til verks i podcastmekkinga. Du vil no få høyre ein fagleg diskusjon om reelle sporeproblem hjå ein bonde på Vestlandet, med fire av våre rådgjevarar, Lise Austrheim, Gunnstein Dyrdal, Leif Trygve Berge og Dag-Arne Eide.

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast produsert av NLR Vest, med prosjektmidlar frå Vestland fylke.

Vil du lese meir om sporar? Då kan du lese denne fagartikkelen av jordbruksrådgjevar Lise Austrheim På sporet av sporer