Tilskot til drenering av jordbruksjord

27.05.2014 (Oppdatert: 26.01.2016) Ingebjørg Jenssveen

Som for 2013, er det også i 2014 avsett 100 mill kr. til dreneringstilskot. Midla er fordelt fylkesvis etter areal. Areal med korn, potet og grønsaker blir vektlagt dobbelt i forhold til andre areal.

Oppland har fått tildelt 9,2 mill kroner for tilskot til drenering av jordbruksjord i 2014. I tillegg er det overført ubrukte midlar med om lag 2,7 mill. kr. frå fjorårets ramme, slik at Oppland har totalt om lag11,9 mill kr til dreneringstilskot for 2014. Dei overførte midlane frå 2013blir ikkje fordelt før det blir meldt inn behov for meir midlar frå kommunane. Dei overførte midlane blir da fordelt til dei som fyrst melder behov. Ubrukte midlar frå kommunar med liten aktivitet, kan bli omfordelt etter behov ved slutten av året.

         Tilskot blir gjeve til tidlegare grøfta areal. Tilskot til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjør kr 1000 pr. daa. Ved anna grøfting kan det bli gjeve kr. 15 pr. laupemeter grøft, avgrensa til kr. 1000 pr. daa.

 

Sikrare avling

Dei siste åra har synt verdien av å ha godt drenertjord, m.a. med at dei areala som er godt drenerte gjev ei sikker, god avling sjølv i år med mye nedbør. På godt drenert jord klarer plantene å ta opp næring og nytte gjødsla betre, og jorda er mindre utsett for både køyre- og pakkeskader og isbrann, og vi får ei meir varig eng.

         Landbruksrådgivinga vil difor oppmode dei som har jord med dreneringsbehov om å nytte seg av denne tilskottsordninga! Søknaden skal innehalde grøfteplan og kart. Søknaden skal sendast til kommunen der dreneringsarealet ligg. Kommunen fastsettsøknadsfristen.

         Søknadsskjemaer å finna på Statens landbruksforvaltningwww.slf.dep.no eller å få hos oss i Norsk Landbruksrådgiving eller på lokalt landbrukskontor.

 

Ingebjørg Ekre



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.