Kjedegraver

15.09.2014 (Oppdatert: 26.01.2016) , Eivind Bergseth

Etter kvart har det kome fleire typar og med forskjellig storleik på kjedegravarar. Det kan variere frå små sjølvgåande på belte for kabelgraving til store maskinar som er montert å beltetraktor chassis.

For jordbruksdrenering høver det med ein trepunkt-montert kjedegraver som taklar normalt grøftedjup ned til 1,4 m.

 

Pris pr. daa grøfta areal kan under gunstige forhold halverast ved bruk av kjedegraver samanlikna med skuffegraver. Ved systematisk grøfting må ein rekne med 7000 - 8000 kr pr. daa med tradisjonell skuffegraver, medan kjedegraver kan greie jobben for 3000 – 4000 kr/daa. 
På kjedegravaren kan graveblada skiftast slik at grøftebredda kan aukast frå 125 mm til 300 mm. Maskinane kan leverast med forskjellig lengde på gravesverdet slik at maksimal gravedjupne kan variere frå 1,0 m  til 1,6 m.
Jorda som kjede dreg opp, blir lagt ut til begge sider av grøfta ved hjelp av transportskrue. Ved attfylling av grøfta kan ein kjøre med skråstilt skjær og velte jorda ned i grøfta. Ein kan og nytte v-forma skjær og velte ned jorda frå begge sidene i ein operasjon.
Kjedegravaren greier godt steinrik jord der det er berre småstein eller mindre stein, men med mykje stein går kapasiteten drastisk ned. Treffer ein på stor stein som ikkje kjede greier å ta opp, må ein ut med skuffemaskin for å ta opp steinen. Kjedegravaren egner seg ikkje der det er mykje stor stein.
 
 

Bilde av gravekjede.

På kjedegravaren blir det oftast montert ei kasse som går bak gravesverdet. Gjennom denne blir drensslangen lagt ut automatisk, og via kassa kan filter i form av sagflis eller grus fyllast over slangen. Mange har nå lagt slange med filter og sløyfer flis eller grus. Dette har vi ikkje lang erfaring med i Noreg enda og kan derfor ikkje tilrå denne metoden. Viss ein vel slik løysing, er det viktig å kjøpe filterrør der filtermaskene stemmer med  jordtypa og dei partiklane som blir med i drensvatnet.
Kapasiteten er svær avhengig av steinmengda i jorda. Under gunstige forhold kan det gravast opp mot 1000 m i timen, medan vanskelege forhold reduserer kapasiteten ned mot 100 m pr. time.
Krav til traktor
Kjedegravaren har lågt effektforbruk, og ein vanleg jordbrukstraktor på 100 – 140 hk egnar seg godt. Avgrensinga er at traktoren har gir-system slik at det kan kjørast så sakte som 100 m pr. time. Traktoren må altså vere utstyrt anten med krypegir eller ha trinnlaus transmisjon.
Ettersom kva utstyr kjedegravaren er utstyrt med, har han ei vekt på berre 1000 – 1300 kg.
Kraftoverføringa er via PTO med 540 o pr. min. 
Kjedegravaren er  vanlegvis utstyrt med stativ for rørkveil med drensslange og laserutstyr for heilautomatisk djupnekontroll. Det kan altså gravast med rett fall sjølv gjennom høgderyggar på feltet.
Kjedegravarens store kapasitet og med minimums krav til hjelpemannskap er årsaka til at grøftekostnaden blir så låg når dette utstyret kan nyttast. 


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.