Fornying av eng

20.10.2014 (Oppdatert: 26.01.2016) Eivind Bergseth

Husdyrproduksjon i dag krev mykje og godt grovfôr. For å få til dette må grasmarka vere i god stand. Dvs. ein må fornye enga med jamne mellomrom.

For optimal produksjon sjølv utan kjøreskadar, bør enga helst ikkje vere over 4-5 år gamal. I eldre eng har kveka lett for å få tak, noko som gir lita avling og ofte dårleg kvalitet på fôret. Viss det ikkje har vore utført aktivt ugraskamp i enga, vil ugras som for eksempel høymole og løvetann fort bli eit stort problem i gamal grasmark.

 

Tidspunkt for såing av grasmark

Her er fleire alternativ:

·        Såing om våren

·        Såing om sommaren

·        Såing om hausten.

 

Våren

Vårsåing er ein sikker metode. Når jordarbeidinga blir gjort til rett tid vil graset spire raskt og konkurrere sterkt mot ugras. I lågareliggande strok i Gudbrandsdalen vil ein få to avlingar med vårsåing, elles får ein ei god avling høgare opp. Der ein får to gode avlingar med vårsåing, er det ingen grunn til å bruke dekkvekst saman med attlegget. Haustetidspunktet for dekkveksten gjer at ein må kjøre tidleg i attlegget. I bratte bakkar er dette særleg uheldig, for dei små grasspirene er  sårbare for trakk og slureskadar etter slåmaskin og presse.

                Høgt til fjells er det ofte rett å bruke dekkvekst ved vårsåing, elles blir det lita avling ettersom ein ofte ikkje får gjort våronn før langt ut i juni.

 

Sommaren

Såing av attlegg er ofte aktuelt midtsommars for dei som vil ta ei vårbeiting. Problemet da er at i Gudbrandsdalen har vi ofte  forsommartørke på denne tida. Jordarbeiding midt på sommaren  fører difor  til at såbedet  blir tørt som ein åskehaug og vilkåra for jamn spiring blir dårlege.

 

Hausten

Haustsåing kan vere aktuelt etter at siste slåtten er unnagjort. Enten må ein da så såpass tidleg at graset rekk å spire godt, men det må ikkje bli så langt at det blir tett grasmatte som kan bli utsett for angrep av overvintringssopp. Alternativt kan ein så så seint ein våger før frosten kjem, slik at ikkje spiringa kjem før til våren. På denne måten, viss det ikkje skjer noko uheldig med overleving av frøa, vil veksten kome raskt i gang neste vår.

 

Brakking med glyfosat før fornying

I gamal eng er det ofte mykje både uønskte urter og grasartar ein vil kvitte seg med. Da må ein ofre noe avling, 15-20 cm høg eng eller at kveke har minimum 3-4 blad. Er det berre grasartar, er det nok med 300-400 ml glyfosat pr. daa. Men med mykje innslag av høymole, løvetann, soleie og liknande, bør dosa aukast til bortimot det dobbelte.

                Med det nye glyfosatmiddelet Roundup Flex som er meir konsentrert enn dei tradisjonelle, kan dosen reduserast med 25 %. Om våren greier det seg med 3-4 dagar mellom sprøyting og jordarbeiding, men om hausten bør det gå minst to veker.

 

Jordarbeiding og såing

Pløying

Sikraste og beste måten for jordarbeiding er å pløye og elles gjere dei naudsynte operasjonane etterpå med slodding, harving etc. Som regel blir såbedet så laust etter jordarbeidinga at det bør tromlast før såing. Særleg ved såing med labbmaskin kan frøa kome alt for djupt utan tromling. Småe frø slik timotei har, bør ideelt ikkje såast  djupare enn 0,5 - 1,0 cm. Viss det er problem med tunrapp, kan det vere rett å så i kryss viss lendet er slik at det går. På denne måten dekker graset meir areal ettersom det kjem opp og konkurrerer lettare. Ved breisåing blir frøa meir jamt fordelt over heile overflata. Bruk 2,0 – 2,5 kg frø pr. daa av frøblandingar med timotei, engsvingel og kløver. Reinbestand av bladfaks eller med litt innslag av timotei bør såast med 4,0-5,0 kg/daa.

 

Skålharving

Særleg på relativt nydyrka jord er det ofte problem med mykje stein. Pløying fører derfor til mykje arbeid med steinplukking. Da kan det i staden vere aktuelt med harving med skålharv. Men, denne metoden krev mange gonger kjøring med harva. Det vil ofte løne seg å starte med harving hausten før attlegget. Da startar nedbrytinga av torva og ein får eit finare såbed med mindre torvklumpar til våren.

 

Direktesåing

Ein del ønsker å prøve seg på direktesåing, men dette er ein meir usikker metode. Føresetnaden er at torva ikkje er tjukkare enn at frøa får jordkontakt. Ein ser ofte svært dårleg spiring på gamal eng med tjukk og seig torv der frøa blir liggande i daude planterestar.

 

Grønfôr før attlegg

Særleg der det er tjukk og gamal torv kan det løne seg å ha grønfôr eit eller to å før attlegget. På denne måten blir mykje av torva brote ned og det er mykje enklare å få til eit jamt og godt såbed der frøa får gode spirevilkår.

 

Ugrassprøyting i attleggsåret

For å sikre rein grasmark etter fornying, er det viktig å sprøyte ugraset i attleggsåret. Har ein med kløver, må ein ta omsyn til dette både med tidspunkt for sprøyting og val av middel.

                Kløveren bør ha fått minst 1 trekopla blad før bruk av Express SX eller Gratil WG. Ved bruk av MCPA bør kløveren ha kome mellom spadebladstadiet og 1 - 2 trekoplablad i utvikling. Grasplantane skal ha minimum 2 blad.

                Bruk 0,75 g Express SX + 50 ml MCPA pr. daa eller 2-3 g Gratil WG + 50 ml MCPA pr daa i attlegg med kløver.

                Har ein ikkje med kløver kan td. Starane nyttast med ein dose på 80 – 100 ml pr. daa. Mot frøplanter av høymole, løvetann og nesle er Ariane S med ein dose på 250 ml pr. daa best.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.