KOSTNADER MED GRØFTING

12.12.2014 (Oppdatert: 26.01.2016) , Eivind Bergseth

Når ein skal lage kalkyle over grøftekostnader, er det mange forskjellige faktorar ein må legge til grunn:

·       

Gravemaskin: Mellomstor maskin  8-12 tonn og med timepris på 850 kr. Kapasitet blir bestemt av  terreng, kor hard jorda er, steininnhald, grøftedjup og maskinførar. På  morenejord kan ein rekne 25-35 m pr. time. Under gode forhold på myr, kan ein  komme opp i 50 m.

 

·          Rørkostnad: Til drensgrøfting er det nå ofte vanleg å bruk Ø 110 mm rør som er i rette 6 m lengder og som er dobbelvegga og glatte innvendig. Til systematisk grøfting  er kapasiteten for Ø 50 mm meir enn stor nok, men prisskilnaden er så liten at ein i denne kalkyla vel å gå for den  grøvre dimensjonen. Drensslange i kveil er litt billigare, men vanskelegare å legge utan å få  buktningar. Ved bruk av 50 mm slange lagt med skuffemaskin, opplever mange problem med spyling. Etter forhandlingar med firma, ligg prisen i gjennomsnitt på 28 kr/m for Ø110 rør i rette lengder og moderate  mengder koplingsdelar.

 

·          Mannskap i tillegg til gravemaskinførar:  Konstant 1 mann i grøfta til å legge rør og  fordele filter, samt 1 mann til å kjøre flis med lasteapparat og fordele drensrør langs grøfta. Reknar her 300 kr pr. time inkludert sosiale utgifter.

 

·          Traktor med lasteapparat og skuffe til å kjøre filter og drensrør. Traktoren går lite og ein reknar timepris på 150 kr utan førar.

 

·          Kostnad med flis 105 kr/m3. Grøftegrus 135 kr/m3. I tillegg kjem frakt og den blir minst for sagflis ettersom den er mykje lettare enn grus. Det kan vere realistisk å rekne kr 3,50 pr. m/3 for frakt av flis, medan pris for frakt av grus fort kjem opp i 40-100 kr/m3. Fraktpris aukar med avstand. Ved bruk av 5 m3 med flis pr. 100 m grøft, vil meterprisen for flis da bli ca. 6 kr/m.

 

·          Attfylling: Reknar med 150 m pr. time for gravemaskin. Pris pr m blir da ca. 6 kr.

 

·          Etterarbeid: Steinkjøring og oppreinsking. Lite stein der det er stor gravekapasitet.

 

·          Riggkostnader (hovudsakleg  frakt av maskin) er ikkje teke med i kalkyla da dette vil vere kostnader avhengig av kor stort oppdraget er. Stort prosjekt vil gi låge riggkostnader pr. m. Naboar bør slå seg saman om  felles utnytting av maskin.

 

Kostnadene i denne kalkyla er gjennomsnittstal og vil kunne variere frå område til område. Det må også vektleggast at her er det ikkje lagt inn nokon eigeninnsats, slik at kontantutbetaling for den enkelte bonde kan bli mykje lågare.

På plussida kjem dessutan alle dei positive effektane som drenering har på eit areal; alt frå avlingsauke og meir kjøresterk jord til trivnad med eit areal som ikkje er øydelagt med blauthol og våte parti osv.

 

Tabell. Grøftekostnad i kr pr. m grøft ved varierande gravekapasitet.

 

25 m/time

30 m/time

35 m/time

40 m/time

45 m/time

50 m/time

 

Gravemaskin

34

28

24

21

19

17

2 mann (i grøft + transport)

24

20

18

16

14

12

Traktor for flis- og rørtransport

7

6

5

5

4

4

Fliskostnad

6

6

6

6

6

6

Attfylling

6

6

6

6

6

6

Steinkjøring

5

5

5

4

4

3

Drensrør - Gjennomsnitt

28

28

28

28

28

28

Sum

110

99

92

86

81

76



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.