Tidspunkt for attlegg

22.08.2019 (Oppdatert: 22.08.2019) Sigurd Eggen

For inntil få år sidan var fristen for haustattlegg 15. august. Erfaringar tilseier at med lengre og varmare hausta kan nok denne fristen tøyast monaleg. Men når er rett tid for attlegg?

Attlegg. FOTO: Åsmund Langeland

I Ottadalen vart det sådd haustattlegg midten av september i 2018 med godt resultat. Kvifor attlegg? For optimal produksjon sjølv utan kjøreskadar, bør enga helst ikkje vere over 4-5 år gamal. I eldre eng har kveka lett for å få tak, noko som gir lita avling og ofte dårleg kvalitet på fôret. Om det ikkje har vore utført aktivt ugraskamp i enga, vil ugras som for eksempel høymole og løvetann fort bli eit stort problem i gamal grasmark.

Tidspunkt for såing av grasmark: Vår, sommar etter beite, haust etter 2.slått eller sein haustsåing like før frosten kjem.

 

Våren

Vårsåing er ein sikker metode. Når jordarbeidinga blir gjort til rett tid vil graset spire raskt og konkurrere sterkt mot ugras. I lågareliggande strok i Gudbrandsdalen vil ein få to avlingar med vårsåing, elles får ein ei god avling høgare opp. Der ein får to gode avlingar med vårsåing, er det ingen grunn til å bruke dekkvekst saman med attlegget. Haustetidspunktet for dekkveksten gjer at ein må kjøre tidleg i attlegget. I bratte bakkar er dette særleg uheldig, for dei små grasspirene er  sårbare for trakk og slureskadar etter slåmaskin og presse.

 Høgt til fjells er det ofte rett å bruke dekkvekst ved vårsåing, elles blir det lita avling ettersom ein ofte ikkje får gjort våronn før langt ut i juni.

 

Sommaren

Såing av attlegg er ofte aktuelt midtsommars for dei som vil ta ei vårbeiting. Problemet da er at i Gudbrandsdalen har vi ofte  forsommartørke på denne tida. Jordarbeiding midt på sommaren  fører difor  til at såbedet  blir tørt som ein åskehaug og vilkåra for jamn spiring blir dårlege.

 

Hausten

Haustsåing kan vere aktuelt etter at siste slåtten er unnagjort. Enten må ein da så såpass tidleg at graset rekk å spire godt, men det må ikkje bli så langt at det blir tett grasmatte som kan bli utsett for angrep av overvintringssopp. Kløver er uaktuellt å så på denne tida. Bladfaks og hundegras ser derimot ut til å takle dette såtidspunktet.

Alternativt kan ein så så seint ein våger før frosten kjem, slik at ikkje spiringa kjem før til våren. Kan vera sers aktuellt dersom ein er plaga av overvintringssopp. På denne måten, viss det ikkje skjer noko uheldig med overleving av frøa, vil veksten kome raskt i gang neste vår.

 

Brakking med glyfosat før fornying er aktuellt uansett tidspunkt for attlegg

I gamal eng er det ofte mykje både uønskte urter og grasartar ein vil kvitte seg med. Da må ein ofre noe avling, 15-20 cm høg eng eller at kveke har minimum 3-4 blad. Er det berre grasartar, er det nok med 300-400 ml glyfosat pr. daa. Men med mykje innslag av høymole, løvetann, soleie og liknande, bør dosa aukast til bortimot det dobbelte eller blande med til dømes Flurostar eller Starane XL. Om ein vil brakke seinhaustes for å kunne få ein tidleg start neste vår, så kan dette anbefalast. Glyfosatmidla treng berre få døgn med varmegradar for å vera effektive.

Med det nye glyfosatmiddelet Roundup Flex som er meir konsentrert enn dei tradisjonelle, kan dosen reduserast med 25 %. Om våren greier det seg med 3-4 dagar mellom sprøyting og jordarbeiding, men om hausten bør det gå minst to veker.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.