Biorest som gjødsel på eng

12.02.2019 (Oppdatert: 12.02.2019) Randi Jarstad

Gjennom forsøk over fleire år har gjødsling med biorest i kombinasjon med mineralgjødsel gjeve avlingar som ligg nær resultata etter berre mineralgjødsel.

Bruk av biorest i eng har gitt nær dei samme resultat som bruk av mineralgjødsel. FOTO: Åsmund Langeland

Artikkelen er fyste gong publisert i Forsøksmeldinga 2017 frå NLR Innlandet. 

Biorest inneheld viktige næringsstoff som er resirkulert frå ulikt organisk materiale. Den nye fabrikken til Mjøsanlegget ved Lillehammer produserer biogass av ulike organiske avfallsprodukt, rundt 30 000 tonn i året. Matavfall frå hushaldningar utgjer 18 000 tonn, mens det resterande vert levert av storhushaldningar, matbutikker og næringsmiddelindustri (fiskeribedrifter og kyllingslakteri). Krav til råvarer brukt i biogassproduksjonen og tungmetallnivå i bioresten, gjer at gjødsla ikkje er godkjent i økologisk landbruk. Etter at energien i form av biogass er teke ut av råvarene, er biorest eit sluttprodukt som landbruket kan bruke som gjødsel. Næringsstoffa i organiske råvarer som er brukt i biogassproduksjon fylgjer i stor grad den tyntflytande bioresten, så denne inneheld viktige næringsemner som N, P, K, noko Ca, Mg og S. 

Tabell 1 viser innehald av hovudnæringsemner i boresten som er brukt i engforsøka dei seinare åra. Blant mineralgjødseltypane er det Fullgjødsel 22-2-12 og 22-3-10 som liknar mest i fordeling av N, P og K. Sidan dette er ei tyntflytande gjødselvare, vert det meste levert i gjødsellager der det er behov for å tynne ut storfe- eller sauegjødsel, mens ein mindre del vert brukt som rein gjødselvare. 

Tabell 1: Innhald av næringsemner i biorest

År TS% Total-N Ammonium-N (NH4-N) Fosfor Kalium
2011/-14 2,6-2,8 3,4-4,2 2,0-2,8 0,23-0,33 1,3-1,9
2015 3,5 3,8 2,3 0,44 1,7
2016 2,6 3,5 2,2 0,22 1,2
2017 3,3 3,1 2,4 0,4 1,2

 

Felt i Åsmarka

Forsøksfeltet vart lagt ut 3. juli i ei 4. års eng hos Åsmarka Samdrift DA. Enga hadde ein del rotugras av høymole og løvetann jamt fordelt på feltet. Førsteslåtten var gjort ei god veke før feltet vart lagt ut. Jordarten på skiftet var sindig silt med moderat moldinnhald. Det var mat nedbør i timane før feltetablering, men det var opphald, vindstille og god råme i jorda ved gjødsling. Bioresten vart spreia med hagekanner på smårutefelt med tre gjentak. Erfaringar frå tidlegare forsøksfelt i eng er at vi oppnår 65 prosent utnytting av ammonium-N (NH4-N) i bioresten. Føresetnaden for optimal effekt av n var så gode denne daget at vi meinte det var realistisk å forvente 75 prosent utnytting. I fleire sesonger har vi brukt Agros N-målar for å bestemme innhaldet av ammonium-N og fått verdiar som er nokså samstemte med resultat frå laboratorieanalysene. Feltmålinga viste 1,3 kg NH4-N per tonn og dette vart lagt til grunn for gjødsling; 1 kg NH4-N utifrå 75 prosent verknad. Det vart samstundes teke ut prøve av biorest til analyse hos Eurofins, men resultatet av denne viste store avvik frå feltmålinga; 2,4 kg NH4-N per tonn. Justert til 75 prosent vart det 1,8 kg N. 

Midt i juli vart enga der feltet låg sprøyta mot høymole, på ein real sommardag med høg temperatur. Kulturgraset fekk hard medfart med tydeleg vekststagnasjon. 

 

Resultat og konklusjon

Feltet vart hausta 23. august og framleis var veksten prega av sprøyteskadar, særleg syntes det på engsvingelen. Dette forklarer truleg ein stor del av det moderate avlingsnivået, i tillegg til at feltet var plassert i ei fjerdeårseng. Tabell 2 viser at det vart sterkare gjødsling på ledd med biorest og Fullgjødsel, + 3,2 kg N/daa, på grunnlag av laboratorieanalysa. Snittavlingane på alle tre gjentaka i feltet var temmeleg like. 

Meiravlingane for alle gjødsla ledd ligg i området 120-180 kg tørrstoff per dekar, mens biorest supplert med 5.5 kg N i Fullgjødsel ikkje gav meir enn 30 kg ts/daa avlingsauke. Her er det ikkje lett å finne ei god forklaring. Ledd 2 med Fullgjødsel og ledd 4 med biorest er dei gjødslingsledda i feltet med den mest sikre avlingsforskjellen. Kvaliteten, målt som FEm/kg ts, var nokså lik i alle dei gjødsla ledda, men N-mengdene viser tydelege effektar på protein i fôret. Generelt er det lite truleg at mangel på næring har påverka avlingsmengdene. Gjødslingsleddet med fire tonn biorest viser at effekten av N i bioresten, i form av NH4-N, er større enn frå same mengde vanleg husdyrgjødsel. Av fem biorestprøver som er analysert dette året er verdien for NH4-N 2,5 kg/tonn i fire av prøvene. 

NLR Innlandet har fått økonomisk støtte frå Mjøsanlegget til å gjennomføre dette forsøksfeltet. 

Tabell 2: Avlingsresultat for gjødsling av eng med biorest

Ledd Kg N/daa feltmåling Kg N/daa lab.analyse Kg tørr-stoff/daa Fem kg ts/daa Protein% av kg ts
Ugjødsla 0 0 161 0,96 11,7
Fullgjødsel 22-3-10 9,5 9,5 325 0,92 16,5
Biorest 4 tonn/daa + Fullgjødsel 9,5 12,7 313 0,91 17,5
Biorest 4 tonn/daa 4 7,2 281 0,9 13,6


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.