Bruk av bladfaks i fjellbygdene

28.04.2020 (Oppdatert: 28.04.2020) Magne Vingdal

Bladfaks er eit fleirårig strågras som breier seg i jorda med lange og kraftige djuptgåande jordstenglar. Den har gjennom forsøk og i praktisk dyrking i fjell- og dalbygdene på Austlandet vist mange verdifulle eigenskapar som er viktig under tørre innlandsforhold

Bladfaks (Foto: Jan Erik Mæhlum)

Etter tørkesommaren i 2018 er det fleire som vurderer bladfaks når dei skal etablere ny eng. Eng med bladfaks gjev store avlingar, kan bli svært varig og er sterk mot tørke.

Avling i kg tørrstoff per dekar ved ulike haustetider frå 12. juni til 3. juli, i middel for fire år. (Olsen 1978)

Haustedato

12/6

19/6

26/6

3/7

Timotei

166

291

431

532

Engsvingel

234

332

450

518

Hundegras

274

434

543

612

Bladfaks

307

462

635

769

Forsøket er utført på Løken 525 m.o.h. og viser at bladfaksen har ei anna utvikling enn dei andre grasartane. Bladfaks har raskare vekst frå våren og aukar forspranget på dei andre artane utover forsommaren.  Frå den 12/6 ligg den over dei andre artene, og ved siste hausting produserer den 230 kg tørrstoff meir per dekar enn Grindstad timotei som middel for fire hausteår. Årsakene til dette er at bladfaks ikkje får like kraftig stagnasjon i veksten ved tørre forhold.

Har bladfaksen fått gode levevilkår, gjev arten store avlingar i mange år utan at det er behov for fornying av enga, og forskjellen i avlingsnivå mellom bladfaks og timotei vil vere aukande med alder på enga. Bladfaks er derfor ein grasart som er svært godt skikka til dyrking under tørre forhold i fjellbygdene.

Kva er viktig for å lykkes med dyrking av bladfaks?
Bladfaksfrøet er stort og lett og set krav til såmaskiner som skal brukast. Ein må ha god kontroll ved såing slik at såfrøet ikkje «hengjer» seg opp i såkassa. Vanskar med såing kan medføre tynne og dårlege bladfaksenger.

Bladfaks har eit stort frø, og det er viktig å ikkje spare på såfrøet ved såing. Såmengda av bladfaks i reinbestand bør være minst 5,0 kg per dekar av såfrø med god spireevne. Som anna grasfrø bør frøet såast grunt. Bruk av blanding med bladfaks og andre artar lettar såinga.

Som ved all etablering av planter er det viktig å bruke gode sortar som er tilpassa dyrkingsområde. Av bladfaks har vi hatt både norske og utanlandske sorter å velgje mellom. I dag er det den norske sorten Leif som blir marknadsført. Lom er ein nyare norsk sort som ikkje er komen i sal.

Bladfaks bruker tid på å etablere seg, og eldre forsøk viser at ved å blande med litt såfrø av andre arter kan ein få større avling dei to første engåra. Etter dette var det ikkje auke i avling med innblanding av andre arter av gras (Hernes 1980). Det er å få kjøpt ferdige blandingar med bladfaks, timotei og raudkløver.

Blanding av bladfaks med ei vintersterk frøblanding kan også brukast, men ein bør ikkje overdrive innblanding av andre arter.

Bruksområde og krav til jord
Bladfaks trivest best på godt drenert opplendt jord med pH over 6,0. Vi bør ikkje så bladfaks på dårleg drenert jord der grunnvatnet står høgt, eller der høgda over havet er sterkt be- grensande for veksten. Her gjev andre arter større avling. (Vingdal m. fl. 1992). Videre er det misbruk av bladfaksenga å bruke den til beite, og ein må unngå sterk beiting. Hyppigare hausting og beiting kan gje tynnare bestand og avlingsnedgang.

Bladfaks har i fleire forsøk vist eit høgt avlingsnivå i fjellbygdene, og kan føre bort meir nitrogen og kalium med avlinga enn anna eng. Det er derfor viktig at bladfaksenga har god tilførsel av næring gjennom vekstsesongen for å ta ut store avlingar. Sterk gjødsling med nitrogen fører også til mindre ugras i eng av bladfaks enn ved svak gjødsling (Lunnan og Haugen 1992).

Haustingar og haustetid
Bladfaks er tidlegare i utvikling enn timotei, og haustar vi bladfaksen på same tid som timoteien gjev bladfaks fôr med lågare foreiningskonsentrasjon. I forsøk med bladfaks og timotei ved to haustetider for førsteslåtten, måtte ein ta slåtten om lag sju dagar tidlegare for bladfaks enn for timotei for å få same fôreiningskonsentrasjon (Lunnan 1997).

Nedgangen i foreiningskonsentrasjon med utsett tid for førsteslått frå begynnande skyting var 0,006 FEm per kg tørrstoff og dag. Hausta på same energiverdi vil protein- og mineralinnhaldet vere høgare i bladfaks enn i timotei. Ved sein hausting og sterk nitrogengjødsling kan legde vera eit større problem i bladfaks enn i timotei.

Dei fleste av forsøksresultata i fjellbygdene bygger på forsøk som er utført med to slåttar i vekstsesongen. NIBIO og NLR har starta opp ein ny forsøksserie med bladfaks. Målet med serien er å studere avling og kvalitet hos bladfaks i to- og treslåttsystem der timotei er målestokk.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.