Hold dreneringa i orden

19.10.2017 (Oppdatert: 19.10.2017) ,  Eivind Bergseth

Større nedbørsmengder med hardare intensitet fører til at dreneringssytema våre må vedlikehaldast betre enn vi har vore vante til. Det dreier seg om alt frå opprensking av avskjæringsgrøfter og utlaup, til reparasjon av tette sugegrøfter.

Ein kan gjere mykje med god vedlikehald av dreneringa, men av og til må ein grave suppleringsgrøfter der eksisterande drenering har vorte for dårlig. FOTO: Eivind Bergseth

Det kan og mere behov for suppleringsgrøfting der kapasiteten på den eksisterande dreneringa har vorte for dårleg. 

 

Avskjæringsgrøfter

Ute i felt ser ein stadig avskjæringsgrøfter som har aura att etter at grøfteveggane har sige ut og ned i botten på gørfta og demmer opp eller at busk og kratt har vokse opp i botnen og bremsar vatnet så sterkt at det blir mykje seiimentasjon og opphoping av lausmasser som grus og organisk material som lauv og anna daudt material. Tette avskjæringsgrøfter fører til at vatnet fløyer over og nedover jordet. Desse grøftene må difor gravast opp at til rette djupne og breidde. Viss slike grøfter gravert på 1,5 meter djupne med ei botnbreidde på 1,0 meter vil det gå lang tid før dei sig att på ny dersom sideveggane i grøfta er slake nok, gjerne med 45 graders vinkel. Dette er avhengig av jordtype. 

 

Grunne utlaup

Ein ser ofte same feila på utlaupa eller opne samlegrøfter frå drenerte jorder. Når utlaupa blir for grunne, får ikkje drensrøra tømt seg. Dette fører til at finmasser som kjem med drensvatnet sedimenteres i drensrøret der dette ligg flatt og er dukka under vatn. Vi rår til at utlaupet frå drensgrøfter skal ha ei fri høgde på 15 – 20 centimeter mellom vassflata i samlegrøfta og utlaupet i drensrøret. Utlaup som har aura att fører dessutan til at grunnvatnet blir ståande høgare inne på jordet. Dette gjeld sjølvsagt på flate areal. 

 

Billig vedlikehald

Enklast og billigaste vedlikeholdet av drensgrøfter er spyling. Med spyling får ein opna opp att slissene i drensrøra og sedimentert masse, planterøter og rustutfelling inne i røret blir vaska ut. Men spyling må gjerast før røret tetnar heilt. Viss det ikkje lar seg gjere å spyle opp tette rør, må ein gå den tunge vegen og grave opp heile grøfta eller på det punktet det er tett. 

Spyling av grøfterør. FOTO: Eivind Bergseth. 

 

Sjekk innlaupet

Det er svært viktig å sjå etter innlaupet til stikkrenner og lukka avlaup, slik at disse er opne og kan ta i mot det vatnet de er dimensjonert for. Innlaupet til lukka grøfter bør ligge høgare enn botnen i grøfta og ha rist framfor seg som er lett å reinske. Viss ein er kjent med at det vatnet som skal inn i lukka system ofte fører med seg jord, stein, kvist også videre, bør ein ha sedimentasjons-basseng ovanfor dinnlaupet. Her vil da det grove materialet bli liggande att og kjem ikkje fram til rista. Det skjer dessverre likevel i ekstremsituasjoner når det går jordras og liknande i samband med store og intense nedbørsmengder. 

Vedlikehaldet på slike anlegg er å reinske sedimentasjonsdammar og rister etter vèrperiodar der det har vore mye transport av grove material i vatnet. 

Oppreinsk og vedlikeholdsarbeid vil oftast spare mykje arbeid etter ekstreme situasjoner med flomtilstander når ein med dette greier å få vatnet til å gå der det skal.