Enklare fornying av eng

08.03.2019 (Oppdatert: 08.03.2019) Odd Helge Nysveen, Magne Vingdal

Forsøk i Valdres viser at det er stor avlinggevinst ved å fornye enga, og det er mogleg å lykkast med forenkla attleggsmetodar ved fornying av eng i fjellbygdene. Direktesåing i gamal eng gav derimot dårleg resultat.

Frå såing i 2016 med langfingerharv med såaggregat til venstre, og rotorharv med såaggregat til høgre.

Saken er fyrste gong publisert i Forsøksmelding 2018 frå NLR Innlandet. 

 

Arve Myrvang i Øystre Slidre og Hallgeir Kvaal  i Sør Aurdal har i 2016-2018 vore feltvertar for utprøving av forenkla attleggsmetodar ved fornying av eng. Bakgrunn for forsøket er at mange gardbrukarar  kan oppleve det som kostbart og arbeidskrevjande å fornye enga på tradisjonelt vis, og det er interesse for å prøve ut enklare metodar for fornying av enga. Forenkla attleggsmetodar er særleg aktuelt på steinrik jord og jord med vanskeleg arrondering. Den kan også vera aktuelt på fulldyrka og overflatedyrka eng med overvintringsskader, eller for å forbetre plantesamansetting og avlingsnivået i enga med mindre arbeid og driftskostnader.

Forsøksopplegg og etablering av felt

Dei ulike forsøksledda for jordarbeiding var på storruter, og utprøving av ulike maskiner var på småruter innan storruter (split-blokk-plan). Botanisering og berekning av forsøksresultat er gjennomført av forskar Tor Lunnan ved Nibio Løken.

Ulike metodar for fornying av enga var:

  1. Såing rett i etablert eng
  2. Brakking av eldre eng før såing
  3. Tradisjonell jordarbeiding med bruk av plog utan brakking.

Følgjande maskiner er prøvd på feltet i Rogne, 520 moh.:

  1. Stokland labbsåmaskin
  2. Einböck langfingerharv med luftbasert såaggregat
  3. Kuhn rotorharv med påmontert såaggregat. 

I forsøksfeltet i Bagn, 230 moh. er desse maskinene prøvd:

  1. Direktesåmaskin frå Underhaug
  2. Direktesåmaskin frå Vredo
  3. Labbsåmaskin frå Nokka.

Det vart brukt såfrø av frøblandinga Spire Surfôr/beite vintersterk. Denne frøblandinga inneheldt timotei, engsvingel, engrapp og kvitkløver. Frøblandinga fekk også ei innblanding av 5 % raudkløver. Etter såing vart heile forsøksfeltet tromla for å oppnå god kontakt mellom frø og jord. I forsøksåret 2017 vart forsøksfeltet tilført 16 kg N/daa i Fullgjødsel® 22-3-10, og i 2018 var gjødselstyrken 18 kg N.

Feltet i Bagn gav usikre avlingsresultat på grunn av tørke sommaren 2018, men etableringa såg bra ut etter alle maskinene. Vidare resultat baserer seg derfor på feltet i Rogne.

 

Forsøksresultat i attleggsåret

Botaniseringa hausten 2016 viste at den gamle enga hadde stort innslag av engrapp, engrevehale, sølvbunke, kveke, hundegras og kvitkløver. Av ugras var det hundekjeks og engsoleie som dominerte.

Bruk av dei prøvde maskinene påverka i svært liten grad den botaniske samansetninga i den gamle enga ved direktesåing. Berre gjennom bruk av horisontalrotorharv før såing fekk vi eit bra innhald av nye sådde arter i enga utan brakking, med 50-60 % sådde artar i enga i 2018. Dei brakka ledda og ledda med tradisjonell jordarbeiding fekk ein svært god etablering av sådde arter med alle maskintyper. Etter kjemisk brakking eller tradisjonell jordarbeiding med pløying og harving var det svært god etablering med alle typar såutstyr som var med i forsøket. Faktorar som bidreg til den gode etableringa på brakka og jordarbeida areal er fleire, men god jordtemperatur og redusert konkurranse frå andre planter i spiringa var viktig. Heile forsøksfeltet vart også tromla etter såing, og 20 mm nedbør ei veke etter såing sikra jamn og god spireråme.

 

Forsøksresultat i engåra

Det var  stor avlingsgevinst ved å fornye enga med brakking før såing og ved tradisjonell jordarbeiding (tabell 1). I forhold til den gamle enga var avlingsauken etter fornying størst i andreslåtten.

 

Tabell 1. Avling i engåra etter tre metoder for fornying av enga.

 

Den gamle urørte enga hadde i gjennsomsnitt for 2017 og 2018 ei avling på 568 kilo tørrstoff per dekar.  Tabell 2 viser avlingsauke etter bruk av horisontalrotorharv i den gamle urørte enga utan brakking, men ikkje sikre utslag for dei andre maskinene som er prøvd. Avlingsauken etter bruk av rotorharv i gamal eng er liten samanlikna med avlingsauken etter brakking eller tradisjonell jordarbeiding.

 

Tabell 2. Avling i urørt gamal eng og etter direktesåing i gamal eng.

 

 

Det var stor avlingsgevinst ved å fornye enga ved forenkla  eller tradisjonell jordarbeiding, men det var ikkje statistisk sikker effekt for bruk av ulike maskiner i feltet (tabell 3).

 

Tabell 3. Avling i engåra etter bruk av ulike maskiner.

 

Drøfting

 

Våre forsøk viser at det er stor avlingsgevinst ved å fornye enga, og at det er mogleg å lykkast med forenkla attleggsmetodar ved fornying av eng i fjellbygdene. Etter fornying med kjemisk brakking eller tradisjonell jordarbeiding fekk vi ein avlingsauke i forhold til den gamle enga på 387 kg tørrstoff pr. daa (nær 70 %). Direktesåing i gamal urørt eng gav derimot dårleg resultat. Bruk av rotorharv med såaggregat gav spiring og etablering av sådde artar, men sterk konkurranse frå artane i den gamle enga førte til lita meiravling. Dei andre såmaskinene gav ingen effekt på plantebestand eller avling. Direktesåing i gamal seig grastorv kan gje fleire utfordringar. Ei utfordring kan vera at det er vanskeleg å  få plassert såfrøet slik at det klarer å etablere seg, og det er viktig at utviklinga ikkje hemmes av skadeleg jordpakking. I tillegg kan ein få sterk konkurranse frå den gamle enga i etableringsfasen.

Etter kjemisk brakking, og etter tradisjonell jordarbeiding gav alle maskintypane godt resultat. Dersom ein ønsker å så direkte i den gamle enga har ikkje alle maskiner fungert like tilfredsstillande i vårt forsøk. Berre direktesåmaskiner med kraftige skållabber, eller rotorharv med påmontert såmaskin har gjeve bra tilslag av nye sådde arter under slike forhold.

God spireråme med tromling helst både før og etter såing saman med kontroll av ugraset  er viktige faktorar for å lukkast. I tillegg til ulike direktesåmaskiner finnes det i dag fleire typer harver som kan vera aktuelle ved fornying av enga.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.