Kostnader med grøfting

02.04.2019 (Oppdatert: 02.04.2019) Eivind Bergseth

Fleire faktorar påverker kostnadsbilete ved grøfting, men ein må ikkje glemme dei positive effektane som drenering har på eit areal.

Mange faktorar må leggast til grunn når ein skal rekne ut dreneringskostnadar. FOTO: Åsmund Langeland

Når ein skal lage kalkyle over grøftekostnader, er det mange forskjellige faktorar ein må legge til grunn:

Gravemaskin: Mellomstor maskin  8-12 tonn og med timepris på 850 kr. Kapasitet blir bestemt av  terreng, kor hard jorda er, steininnhald, grøftedjup og maskinførar. På  morenejord kan ein rekne 25-35 m pr. time. Under gode forhold på  jord utan stein og på myr, kan ein  komme opp i 50 m.

Rørkostnad: Til drensgrøfting er det nå ofte vanleg å bruk Ø 110 mm rør som er i rette 6 m lengder og som er dobbelvegga og glatte innvendig. Til systematisk grøfting  er kapasiteten for Ø 50 mm meir enn stor nok, men prisskilnaden er så liten at ein i denne kalkyla vel å gå for den  grøvre dimensjonen. Drensslange i kveil er litt billigare, men vanskelegare å legge utan å få  buktningar. Ved bruk av 50 mm slange lagt med skuffemaskin, opplever mange problem med spyling. Etter forhandlingar med firma, ligg prisen i gjennomsnitt på 25 -30 kr/m for Ø110 rør i rette lengder og moderate  mengder koplingsdelar.

Mannskap i tillegg til gravemaskinførar:  Konstant 1 mann i grøfta til å legge rør og  fordele filter, samt 1 mann til å kjøre flis med lasteapparat og fordele drensrør langs grøfta. Reknar her 300 kr pr. time inkludert sosiale utgifter.

Traktor med lasteapparat og skuffe til å kjøre filter og drensrør. Traktoren går lite og ein reknar timepris på 200 kr utan førar.

Kostnad med flis 120 kr/m3. Grøftegrus 160  kr/m3. I tillegg kjem frakt og den blir minst for sagflis ettersom den er mykje lettare enn grus. Det kan vere realistisk å rekne kr 5,00 pr. m/3 for frakt av flis, medan pris for frakt av grus fort kjem opp i 100 kr/m3. Fraktpris aukar med avstand. Ved bruk av 5 m3 med flis pr. 100 m grøft, vil meterprisen for flis da bli ca. 6 kr/m. 

Attfylling: Reknar med 150 m pr. time for gravemaskin. Pris pr m blir da ca. 6 kr.

Etterarbeid: Steinkjøring og oppreinsking. Lite stein der det er stor gravekapasitet.

Riggkostnader: Dette er mellom anna kostnader med transport av maskineri fram til feltet. Pr. m grøft blir desse mindre  desto større  prosjektet er.  Naboar som kan  grøfte samstundes vil kunne dele på slike kostnader.

Kostnadene i denne kalkyla er gjennomsnittstal og vil kunne variere frå område til område. Det må også vektleggast at her er det ikkje lagt inn nokon eigeninnsats, slik at kontantutbetaling for den enkelte bonde kan bli mykje lågare.

På plussida kjem dessutan alle dei positive effektane som drenering har på eit areal; alt frå avlingsauke og meir kjøresterk jord til trivnad med eit areal som ikkje er øydelagt med blauthol og våte parti osv.

 

Tabell. Grøftekostnad i kr pr. m grøft ved varierande gravekapasitet.

 

25 m/time

30 m/time

35 m/time

40 m/time

45 m/time

50 m/time

 

Gravemaskin

 

34

28

24

21

19

17

2 mann (i grøft + transport)

24

20

18

16

14

12

Traktor  for flis- og rørtransport

8

7

6

5

4

4

Fliskostnad

 

7

7

7

7

7

7

Attfyllig

 

6

6

6

6

6

6

Steinkjøring

6

6

6

5

5

34

 

Drensrør

Gjennomsnitt

28

28

28

28

28

28

Sum

 

113

102

95

88

83

78

 

Viss det er så lite stein at det kan nyttast kjedegraver, grøfteplog eller Rådalshjul, vil kostnadene ofte ligge på rundt halvparten av dette.

 

Det må leggast til  at i fråtrekk frå desse kostnadene kjem tilskot på  kr 30/løpemeter grøft eller  2000 kr / daa på tidlegare grøfta jord.

I ein del distrikt er det dessutan store rabattar på  flis og grøftemateriell  gjennom allmenningane.

Rådgjeving hydroteknikk

Norsk Landbruksrådgiving Innlandet har god erfaring med planlegging av grøfteanlegg. Vi gir råd om korleis dreninga bør gjerast. Det gjeld vanleg grøfting, kanalisering med eventuell pumpestasjon, forebygging mot oversvømming, profilering, omgraving og styrking av jordeigenskapar ved sandinnblanding.

> Les meir om vårt rådgjevingstilbod



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.