Sjølv om vi synest at det regnar nok, er det ofte for tørt på forsommaren, og vatning vil vere lønsamt i dei fleste kulturar. Det er likevel ein føresetnad at ein har utstyr og som er tilpassa produksjonen. Det er også avgjerande at kapasiteten er tilpassa behovet. Det er klart at intensive produksjonar som bær og grønsaker kan betale for større investeringar enn gras og korn. Samtidig er ofte areala med gras og korn større slik at dei krev utstyr med stor kapasitet og som er lite arbeidskrevjande i bruk. Mykje av vatningsutstyret har svært lang levetid, noko som er positivt for økonomien. Svarte PE-rør har ei levetid på 50-100 år, medan pumper og spreieutstyr kan vare i 20-40 år.

Kapasitet

Kravet til kapasitet er avhengig av kor ofte og kor mykje ein skal vatne. Samtidig er det avhengig av kultur; i

gras kan ein ta sjansen på å klare seg med mindre kapasitet enn i grønsaker og bær. Det er også avhengig av om ein kan vatne 24 timar 7 dagar i veka, eller om ein helst vil ha fri i helga. Dersom ein har f eks 100 dekar og vil vatne 20-25 mm med 5-6 dagars mellomrom og 20 timar effektiv vatning per døgn, krev det ein tilførsel på 20 m3/time. Småspreiarar med dyse på ca. 4,5 mm har ein kapasitet på rundt 1,5 m3/t. I dette tilfelle treng ein då 12-14 småspreiarar. Småspreiarar bør ha 3-4 bar trykk for å fungere godt. Store spreiarar på vatningsvogner må som regel ha meir, i tillegg brukar vatningsvogna vasstrykk til framdrifta. Vatningsvogner krev derfor større trykk enn småspreiarar. Uansett om ein brukar trykkvatn eller pumpe må derfor ta omsyn til kva spreieutstyr ein skal bruke. I tillegg må ein huske at der det er lange røyrgater så vil ein også ha eit visst trykktap i røra. Der ein må bruke pumpe må ein også ta omsyn til løftehøgde når ein skal vurdere trykkbehovet. Ein fordel med dryppvatning er at ein då kan klare seg med mindre vassmengde og lågare trykk.

Vatningsutstyr

Vatningssystem

Kultur, areal og nedbørsmengde er avgjerande for kva system ein skal velje. Nokre aktuelle vatningssystem er:

Rør-spreiar

Med dette systemet er spreiarane festa direkte på røret. Røra kan ha ulike typar hurtigkoplingar og kan vere av aluminium, galvanisert stål eller PE (plast). Her må heile røyrgata flyttast for kvar flytting, dvs. 2-3 gongar i døgnet. Dette er eit rimeleg og fleksibelt system, men svært arbeidskrevjande.

Rør-slange-spreiar

er eit liknande system som ovanfor, men her er slangar festa til røyrgata med eine enden og med ein spreiar i andre enden. Slangane er ofte 40 meter lange og det held til 5 flytt for kvar gong ein må flytte røyrgata. Dette systemet er også rimeleg og svært fleksibelt, og mindre arbeidskrevjande enn rør-spreiar-systemet. Begge desse systema eignar seg nok likevel best i frukt, bær og grønsaker på ikkje for store areal. Slike system kan likevel vere heilt greitt å bruke til gras der vatningsbehovet ikkje er altfor stort.

Vatningsvogn

er mest vanleg der ein skal vatne store areal. Vatningsvogner er lite arbeidskrevjande, men krev litt større investeringar enn dei to systema nemnd ovanfor, både fordi vatningsvogna kostar og fordi dei gjerne krev litt større kapasitet i pumpe og leidningsnett. Vatningsvogner finn ein i alle prisklasser frå 50.000 til 500.000. Det er stor skilnad i kapasitet og til mange vatningsvogner kan ein få mykje ekstra styringsutstyr.

Dryppvatning

har vore brukt i over ein mannsalder i veksthus, men har no vorte svært vanleg på friland i frukt og bær. Dryppvatning er ei forholdsvis stor investering, men det har elles mange fordelar i intensive produksjonar. Dryppvatning klarer seg med mindre vassmengde og lågare trykk enn dei andre systema. Samtidig gir dryppvatning høve til gjødselvatning, det gir rask og presis gjødsling og det er lite arbeidskrevjande.

I for eksempel jordbær er det ein fordel å unngå vatn direkte på plantene under blomstring og modning. I tunneldyrking av bær er det avgjerande å ha dryppvatning. Likevel er det tilfelle der det kan vere ein fordel med spreiarvatning for å fukte blada og kjøle ned plantene, den effekten får ein ikkje med dryppvatning.

Pumper

I dag er det nesten berre sentrifugalpumper som er i bruk, anten elektriske eller traktordrivne. Store pumper er energikrevjande og det kan vere dyrt å føre fram straumleidningar med stor nok kapasitet over lange avstandar. Då kan ei traktorpumpe vere meir lønsam. Det er avgjerande at pumpekarakteristikken (kombinasjonen av trykk og kapasitet) er tilpassa lyftehøgde og spreieutstyr. Med småspreiarar kan ein tilpasse dette med tal spreiarar og dyseopning. Ved bruk av vatningsvogn har ein som regel berre ein spreiar, men ein kan då regulere kapasiteten med storleiken på dysa. Med alle spreiartypar det viktig med samsvar mellom trykk og dyseopning. Er trykket for stort i høve dyseopninga, vert det for stor forstøving og avdrifta kan verte stor i vind. Er trykket for lite i høve til dyseopninga, vil spreiinga verte svært ujamn. I våre dagar er det mange typar automatikk å få som sikrar pumpa ved feil. Det vil forlenge levetida på pumpa.