Me har fleire verktøy tilgjengeleg for å registrere data som kan nyttast til eksempelvis KSL-dokumentasjon, gjødslingsplanlegging, plantevernjournal og danne eit grunnlag for betre driftsleiing og beslutningar i framtida. Eksempel på dette er:

- Skifteplan

- Jordplan

- CropPlan

- Eana skifte

- Agrilogg

NLR nytter Skifteplan til gjødselplanlegging, og alle som får gjødselplan frå oss har mogelegheit til å nytte Skifteplan Mobil. Der kan ein sjå gjødselplanen og registrer tidspunkt for eksempel mineralgjødselspreiing. Med ein mobillisens frå Skifteplan kan ein også registrere endringar, for eksempel registrere nøyaktig kilo gjødsel spreia per dekar. Gjer ein endringar, dukkar dette opp under utførte tiltak i din profil på Skifteplan, klart til planlegging av neste gjødslingsplan.

I tillegg til Skifteplan er også Jordplan, CropPlan, Eana skifte og Agrilogg etablerte løysingar. Dei har litt ulike sett med kjernefunksjonar, men alle har mogelegheit til å legge inn gjødsling, sjå vekstkultur og gjere registreringar knytt til kvert enkelt skifte på mobiltelefon via tilhøyrande nettside eller app.

Eksempel på funksjonar dei skil seg frå kvarandre er Agrilogg si mogelegheit for registrering av brøyting og leigekøyring. Eana Skifte er knytt opp mot Eana Ku og kan automatisk registrere køyremønster ute på jordet. CropPlan kan koplast opp mot Dataväxt sine andre produkt som LogMaster osv, medan Jordplan og Skifteplan har mogelegheiter for registrering av jordprøver og grøftekart. Kvar løysing har sine fordeler og ulemper.

I tillegg til desse har alle navigasjonssystem bruka til sporfølging og autostyring mogelegheit for registrering av arbeid. Dei fleste krev også at ein knytt arbeidet til ei oppgåve, eksempelvis harving eller slått. Informasjonen kan igjen hentast ut att med ein minnepinne eller sendast trådlaust til nettside eller skrivebordsprogram. Fleire har også applikasjonar knytt til bedriftsstyringsprogram, som Operations Center frå John Deere, AgFiniti frå AgLeader og Trimble Ag Mobile. Fordelen med desse løysingane er at ein får ‘alt på ein stad’. Ulemper er gjerne høgare brukarterskel og eventuelle lisensar for å nytte seg av løysingane.

Alt i alt bør ein sjølv vurdere kva behov ein ønskjer å prioritere og kva brukargrensesnitt ein føretrekk. For nokon er det ei notatbok i traktoren som fungerer best, medan eksempla over er digitale hjelpemiddel for dei som kan tenke seg å taste inn på mobilen – som gjerne alltid er med i lomma uansett. Uavhengig av kva ein vel er det viktigaste at informasjonen kan registrerast på ein rasjonell måte utan for mykje arbeid, samt at informasjonen er lett tilgjengeleg og kan nyttast til å take betre avgjersler i framtida.

Liste Asmund
Registreringsverktoy
Det finnes mange ulike tilbydere av registreringsverktøy