Stort grovfôrbehov

Camilla og Bjørge Avedal Ulvik i Sørbøvåg i Hyllestad treng mykje grovfôr, sidan dei har ein stor buskap med slakteoksar. Til liks med mange andre har dei mykje leigejord og til dels lange avstandar til mykje av jorda. Dei har gjort ein del investeringar som gjer det mogeleg for dei å drive mykje areal og ta store grovfôravlingar.

Mål om å vere sjølvforsynt med grovfôr

Målet til Bjørge er å sleppe å kjøpe grovfôr. Fram til no har dei hatt avtalar om fôrkjøp lokalt, og dei har kjøpt ein del halm. Gjennom målretta arbeid over tid, er dei no på god veg til å produsere det grovfôret dei treng. – Det er ikkje noko mål for oss å drive så mykje areal som vi gjer i dag, så når avlingsnivået er auka til eit jamt over godt nivå, vil vi truleg seie i frå oss ein del leigeareal. Kva tid dette vil skje er ikkje Bjørge sikker på. All slåttemark ligg i ytre Hyllestad og ytre Fjaler, eit område med svært mykje hjort. Bjørge veit godt at arbeidet med å fornye enga ikkje berre har plussider; hjorten tek store fôrmengder kvart år der det er god drift og ung eng med timotei.

Drenering

Effektiv drift av store engareal krev effektiv maskinpark. Dette betyr oftast store og tunge maskiner. Nesten all husdyrgjødsel vert spreidd med slepeslange. Betre metode m.o.t. jordpakking finst ikkje. Det er grashaustinga som kan vere utfordrande for jorda i vanskelege år, sjølv med mykje dekk på både traktor og presse. Difor er drenering eit viktig tiltak for å kunne nå målet om å vere sjølvforsynt med grovfôr. – Vi drenerer for at jorda skal tørke raskare opp, slik at vi kan komme tidlegare i gang med arbeid både vår og sommar. Betre drenering gir djupare rotutvikling og større avling meiner Bjørge.

Fornying av eng

Det er stor skilnad i tidsbruk og kostnad mellom ulike fornyingsmetodar. I Ulvika brukar dei både tradisjonell fornying med plogen som basis, og dei nyttar forenkla metode med lite eller ingen jordarbeiding før såing. Far til Bjørge, Birger Ulvik, var ein pioner i bruk av direktesåmaskin. Felles for all forenkla engfornying er at brakkinga må vere 100 % vellukka. Alle som har prøvd dette veit at kveke og krypsoleie («trauske») er døme på artar i enga som gjer fornyingsarbeidet utfordrande. Klarer ein ikkje å sanere desse artane før ein skal gjere ei grunn jordarbeiding med horisontalharv, eller så med direktesåmaskin, så vil effekten av tiltaket vere kortvarig. I Landbruksrådgivinga er vi klare på at mykje kveke og forenkla jordarbeiding/direktesåing er ein vanskeleg kombinasjon.

Kjøp av rådgjevingstenester

Bjørge nyttar NLR Vest aktivt i arbeidet med å auke grovfôrproduksjonen. Sist sommar nytta han seg av rådgjevingstilbodet NLRpluss Grovfôr. Det gav høve til å få med rådgjevar på fleire synfaringar i vekstsesongen. Tema var å planlegge tiltak og følgje opp gjennomførte tiltak. Ugraskjennskap og plantevern var stikkord for mange diskusjonar. Sidan dei satsar tungt på forenkla jordarbeiding eller direktesåing på mange av skifta, kan det vere heilt avgjerande å sette inn rett tiltak til rett tid.

Grovfôrkostnader

Grovfôrkostnader har vore mykje i fokus siste 2–3 åra. Prosjektet «Grovfôr2020», som var eit samarbeid mellom dei fleste landbruksorganisasjonane, sette fokus på ein del viktige faktorar som må på plass for å kunne produsere grovfôret rimelegast mogeleg. Bjørge har mykje leigejord 10–15 km frå fjøsen, som han må bruke husdyrgjødsel på. Transport av møk til satelittlager og lita avling å hente heim att, gir svært dyrt fôr. Fokuset på å drenere og fornye enga både på eiga jord og leigejord er difor eit svært fornuftig tiltak for å få ned grovfôrkostnaden.

REKORDAVLINGAR

Bjorge i enga ved sjoen 2019
Sørbøvåg 7. mai 2019. Førsteårs eng stod svært fint. Enga vart fornya i 2018 med forenkla metode. Første forsøk vart mislukka p.g.a. tørken, men Bjørge tok det att og fekk eit svært fint attlegg, som gav rekordavlingar i år.
Ulvik maskinpark 2019
Hos Bjørge har både trommel og langfingerharv med såutstyr arbeidsbreidde på 6 m. Dette gir stor kapasitet, og han kvier seg ikkje på å fornye relativt store areal årleg.
Ulvik darleg brakking 2019
Forenkla fornying av eng krev vellukka brakking. Bjørge nyttar denne metoden mykje, og han opplever at det er vanskeleg å få til 100 % vellukka sanering av gras og ugras.