I månadsskifte mai/juni vart det teke ut 15 grasprøvar i NLR Vest sitt område. Desse prøvane vart turka og analysert, og resultatet viser innhaldet i fôret den dagen prøven vart teken. Hovudtyngda av prøvane vart tekne mellom ei og to veker før hausting. Resultatet av prøvane viser, ikkje uventa, at graset er komme langt i utviklingsstadium, sjølv om fleire av dei er tekne før me bikka juni månad. Dette understrekar endå ein gong kor viktig det er at ikkje kalenderen åleine er avgjerande for når det blir slått.

Om me nyttar nokre av dei grasprøvane som er tekne som døme, og ved hjelp av Grovfôrmodellen stipulera utviklinga av FEm og råprotein (% av tørrstoff) vil me sjå at til dømes prøva frå Vik vil gi 0,88 FEm og 21,9 % råprotein om ein fekk nytta haustevindauge som var i fyrste veka av juni. Venta ein derimot til regnet gav seg att, ei veka etterpå, kan me forventa ein foreiningskonsentrasjon på 0,82 og råproteininnhald på 20,6 %. Denne prøva inneheldt mykje råprotein, noko som kan tyda på litt for sterk gjødsling. Tilsvarande tal frå prøvane tekne på Sunnmøre viser foreiningskonsentrasjon på 0,93 og råproteininnhald på 15,3 % om det vart hausta kring 8. juni, og 0,88 FEm og 14 % råproteininnhald om det vart hausta veka etterpå. Grasprøven som vart utteken i Volda vart teken i ei relativt ny og fin timoteieng, men denne enga var noko tørkeprega. Ved fyrste haustevindauge i starten av juni hadde dette fôret ein foreiningskonsentrasjon på 0,89 og eit råproteininnhald på 17,1 %, medan det veka etterpå var komme ned i 0,84 FEm og 16,1 % råproteininnhald.

Dyra sine behov

Det er viktig å tilpassa slåttetidspunktet etter kva dyr som skal eta dette fôret. Om fôret skal nyttast til mjølkeproduserande dyr med høg yting, kan rett haustetidspunkt vera kort tid etter at desse grasprøvane er uttekne. Er det derimot ammekyr eller sau, er det rettare å venta med å starta slåmaskina. Uansett kva fôret skal nyttast til, så veit me heilt sikkert at næringsinnhaldet i graset går ned, og fiberinnhaldet aukar. Eit visst innhald av fiber i fôret er naudsynt for at drøvtyggjarfunksjonen skal fungera, men me veit òg at di lenger tid me ventar med å hausta fôret, di meir aukar den ufordøyelege delen i fiberen (INDF), og det vil sei at det blir mindre plass i vomma til godt og næringsrikt grovfôr.

Grovfôrmodellen

Når du veit kva kvalitet dine dyr treng med tanke på kva dei skal produsera, og kor mykje fôr du treng, kan Grovfôrmodellen vera eit godt hjelpemiddel for å prognosera når haustinga bør starta. Grovfôrmodellen er eit verktøy utarbeidd av NIBIO. Modellen nyttar klimadata frå om lag hundre klimastasjonar rundt om i landet, og er utvikla først og fremst til bruk i timoteidominert eng. Ved raske og enkle registreringar av resultatet av grasprøven din, kløverandel i enga og jordtype, vil du få ein god prognose på korleis innhaldet i graset ditt endrar seg frå dag til dag. Når kurva kjem opp kan ein ikkje anna gjera enn å satsa på gode vêrmeldingar på den aktuelle haustedagen.

2021 07 02 13 50 29 Window
Grasprøveresultata frå prøvetaking på Straumsnes i Fjaler.
Staumsnes Fjaler
Figuren syner utviklinga etter prøvetaking på Straumsnes i Fjaler. Vi ser nedgangen i energiinnhald i dagane framover etter at prøven er teken ut 1. juni.

Praktiske omsyn

No veit me alle at haustinga sjeldan er over på ein dag, og nesten endå sikrare, at vêrmeldingane ikkje er optimale den dagen Grovfôrmodellen viser at du må ut å slå. Så det er mange praktiske omsyn å ta. Det du har råderett over, og som du kan gjera noko med, er at slåtteutstyret fungerer og er klart den dagen du avgjer at det er rette dagen å starta å slå. Ensileringsmiddel, plast og anna nødvendig utstyr må og vera på plass i god tid før slåtteoppstart. Så vil det alltid verta ein balansegang mellom alle omsyn kvar enkelt må ta, ein middelveg av vèr, innhald i graset, nok gras og så vidare. Det som er rett på ditt bruk, kan vera feil på nabobruket. Det viktigaste er at du tileignar deg kunnskap og erfaring, og ut frå det bestemmer deg for kva som er rett å gjera i din situasjon for at du skal lukkast best mogleg.

Bilde illustrasjon grasproveresultat1