Om du har gardsdrift og søkjer om produksjonstilskot, kan du også få tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL). Midlane skal gå til tiltak i landbrukets kulturlandskap, innmark eller tidlegare innmark, og tiltaka skal fremme natur – og kulturverdiar eller redusere forureining frå landbruksdrifta. Du kan søkje om tilskot på areal som du leiger, men då må du ha godkjenning frå grunneigar. Dei som eig landbrukseigedom, men som ikkje driv sjølv, kan også få tilskot om arealet vert nytta til jordbruksdrift med rett til produksjonstilskot.

Kommunane handsamar søknadene og gjer vedtak om tilskot. Kommunane har ulike søknadsfristar og ulike strategiar for bruk av SMIL-midlar. Dei fyrste søknadsfristane var alt 1. februar, men desse kommunane opnar for handsaminga av søknader etter fristen og kan løyve tilskot om det er midlar att. Kommunane har også sine eigne strategiar for korleis dei ynskjer å prioritere ulike tiltak.

HER ER OVERSIKT MED INFORMASJON FRÅ KOMMUNANE SINE NETTSIDER.

Kva kan eg søkje om tilskot til?

Natur- og kulturverdiar

Eit viktig tiltak for å ta vare på naturverdiar og biologisk mangfald i landbrukets kulturlandskap, er rydding av areal som er i ferd med å gro att. Eit velstelt, ope beitelandskap med spreidde tre av ulike slag, har eit rikt biologisk mangfald. Mange artar trivst berre i beitelandskapet. Dei spesielle naturverdiane som beitet har, vil forsvinne om beitet gror att. Eitt beite kan berre skjøttast på ein god måte om det går beitedyr der. Mange kommunar gjev også tilskot til å setje opp nye gjerde rundt gamle innmarksbeite i samband med rydding. Det vert også gjeve tilskot til fjerning av framande artar og ekstra innsats mot artar som ikkje er ynskt å ha på beitet.

Bilde 1
Før rydding av beitemark som er i ferd med å gro att.
Bilde 2
Etter rydding av kratt og oppsetting av nytt gjerde.

I Naturbasen (Naturbase kart (miljodirektoratet.no) er det registrert gamal slåttemark og anna verdifull kulturmark. Du kan søkje SMIL-tilskot for restaurering og skjøtsel av desse områda.

Kulturminne i kulturlandskapet kan vere ein gamal veg eller sti, ein steingard eller bakkemur, eit gamalt hus som ein vårflor, høyløe eller annan bygning som tidlegare vart nytta i drifta. Du kan få tilskot til å restaurere og ta vare på desse kulturminna. Tiltak kan vere rydding av tre langs med steingarden, mure oppatt delar av steingarden som har rast ut, skifting av tak eller kledning på bygningar.

Bilde 3

Det er også ynskjeleg å legge til rette for at folk flest skal få gode opplevingar i kulturlandskapet. Difor vert det gjeve SMIL-midlar til tiltak som legg til rette for allmenn ferdsel. Det kan vere merking av stiar gjennom kulturlandskapet, ryddig av utsiktspunkt, oppsetting av bord og benkar, grinder i gjerdet, gjerdeklyv eller skilting og merking av stiar og vegar.

Bilde 4

Forureining frå jordbruksdrifta

Det er fokus på å redusere miljø- og klimapåverknad av jordbruksdrifta, og du kan få tilskot for å redusere faren for avrenning eller tap av næringsstoff. Gode tiltak kan vere å lage ein lagringsplass for rundballane utan avrenning til vassdrag, bygge tak over husdyrgjødselkummar, etablere fangdammar, eller å gjere grep for å hindre erosjon langs bekkar og opne kanalar.

Planlegging og tilrettelegging

Om det er fleire naboar eller ei heil grend som ynskjer å gjere fellestiltak i kulturlandskapet, vert det løyvd SMIL – midlar for å utarbeide heilskaplege planar. Planane skal føre fram til gode og konkrete kulturlandskaps- eller forureiningstiltak, som ein så kan søkje om SMIL-midlar for å gjennomføre.

Korleis søkjer du?

Når du skal søkje om SMIL-midlar må du fylle ut eit elektronisk skjema som du får tilgang til ved å logge deg på Altinn. Altinn - Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Hugs at du må søkje om tilskot før du startar arbeidet. I søknaden må du skrive kva du har tenkt å gjere og korleis tiltaket vil fremme natur- eller kulturverdiar eventuelt redusere risikoen for forureining. Du må også skrive om kva slags arbeidsmetodar og material du har tenkt å nytte. I søknaden må du leggje ved kart som viser kvar du vil gjennomføre tiltaket. Foto som viser korleis det ser ut før du set i gang, er også nyttig vedlegg.

Vidare må du sette opp eit kostnadsoverslag for alle kostnader knytt til tiltaket, inkludert arbeidstimar. Nokre kommunar nyttar eigne satsar for arbeidstimar, bruk av traktor med meir. Det skal også vere med ein finansieringsplan.

Ynskjer du hjelp til søknaden?

Det kan vere omstendeleg og tidkrevjande å setje seg inn i forskrifter og strategiar som gjeld for SMIL-tilskota. Det kan også vere vanskeleg å tyde, eller finne svar på nokre av dei dei spørsmåla som du skal svare på i søknadsskjemaet. Om du har planer om tiltak som du lurer på om kan kome innunder ordninga, kan du ta kontakt med kommunen før du søkjer. Du kan også ta kontakt med ein av rådgjevarane i NLR Vest. Vi har lang erfaring med å gje råd i samband med SMIL-søknader. Vi kan hjelpe deg med søknaden, utarbeide kart og kostnadsoverslag og sette opp ein finansieringsplan.

Til slutt