Grasvettregel nr. 3 handlar om deg, den aller viktigaste på din gard! «Tenk tryggleik i alt du gjer, og ta deg tid til mat og kvile. Bruk setebelte».


Skal du tenke tryggleik i alt, så må du erkjenne at alt kan gå gale, sjølv om det som regel går bra.

  • Lag deg ei vernerunde med gjennomgang av arbeid og maskiner før slåttearbeidet. Spør deg sjølv og medarbeidarane dine kva som kan gå gale. Gjer aktive tiltak for at det ikkje skal gå gale, lag rutinar for å sjå bak før du ryggar, vent alltid til kraftuttak og akslingar har stogga før du går av traktoren. Hald deg unna og stig aldri over akslingar som roterer. Akslingsvern må vere heile og kjettingar festa.
  • Les bruksrettleiing, følg det som står der, og gje tilsette god opplæring.
  • Hugs å verne auger og hender mot ensileringsvæske, og sette i skruen på tappekranen på 1000 litersdunken.
  • Har du silo, så hugs silovifta.
  • Pass på at traktoren står trygt når du parkerer på bøen.

Mat og søvn er livsviktig, ingen har greidd å slutte med det så langt.

  • Hald på faste måltidsrutinar, et til faste tider sjølv om det er travelt.
  • Lag deg skikkeleg niste som du har med i traktoren, og et etter klokka.
  • Fjordland og mikrobølgeovn kan vere eit godt alternativ for varm mat når det er travelt.
  • Prøv å få minst 7 timar søvn kvar natt. Er du tidleg oppe, så ta deg ein lur midt på dagen om mogeleg. Det er fort å gjere feil når du søv for lite.


Bruk setebelte, det reddar liv, også i traktor.

  • Fest alltid belte når du set deg i traktoren. Køyring utan belte må vere unntaket, ikkje omvendt.
  • Belte sikrar at du sit fast i setet ved velt eller brå stogg.
  • Om du syns rullebelte strammar for mykje, så kan du bruke lause belte.
  • Tvilar du? Sjå ein av beltekampanjane til Arbeidstilsynet Setebelte i traktor (arbeidstilsynet.no).

God slått, og skulle du ha behov for god råd om tryggleik, så ring ein HMS-rådgjevar i NLR Vest.

Bilde setebelte