Jordprovetaking

Vi i NLR Rogaland tilbyr oss å ta ut jordprøvar hjå medlemmene våre kvart 5 år.

Men vil du gjere dette arbeidet sjølv, kan du hente kart, jordprøveøskjer og bestillingsskjema hjå oss. På mange av kontora våre kan du også låne jordprøvebor. Her kjem ei rettleiing i «Korleis ta jordprøvar».

Kva utstyr treng du

  • Skiftekart.
  • Øskjer til å ha jordprøvane i
  • Bestillingskjema for jordanalysar.
  • Jordprøvebor
  • 2 bøtter. Ei til å blande jorda i, og ei til å ha dei ferdige jordprøvane i.
Planlegging jordprovar

Kor mange prøvar?

Det er krav om at alle skifte skal ha representative jordanalysar som er 8 år eller nyare. Men har du ei samanhangande slette som er delt inn i ulike skifte, der einaste skilnad er alder på enga, treng du etter vår meining berre å ta prøve på den delen som skal fornyast denne gangen.

Ein jordprøve bør ikkje representere eit areal over 20 daa, er skifta større bør du ta fleire prøvar.

Varierer jorda mykje på skiftet bør du ta ein prøve der det t.d. er myrjord, og ein ny der det er morene.


Korleis ta jordprøven?

Brukar du jordprøvebor, skal du ta ut prøven frå matjordlaget. I eng er det dei øvste 20 cm. I beite er det ei øvste 5 cm. Du må ta så mange stikk at du fyller jordprøveøskja på 0,5 liter. Dvs. minst 10 stikk på eng og 40 stikk på beite.

Korleis gå?

Det er to tradisjonar når det gjeld uttak av jordprøvar.

  1. Gå på skrå over skiftet og fordel stikka jamt.
  2. Ta jordprøven på fast stad på skiftet.
Skiftekart 1
Ved metode 1 tar du minst 10 prøvestikk langs ei line på skrå over skiftet.
Skiftekart 2
Ved metode 2 tar du jordprøvane på same stad på skiftet frå gang til gang. Du må då notere deg fastmerke, t.d. 50 meter i sikteline frå nordhjørne på veksthus mot garasjen til nabo.
Planlegging jordprovar

Kart og skjema

  • Set namn på prøven.
  • Hugs å merka av på skiftekartet kvar du har tatt jordprøven. Analyselaboratoriet er mest glad i numererte prøvar. Brukar du same nummer som ved tidlegare jordprøvar, er det lettare å samanlikna jordanalysedata frå år til år.
  • Noter kva skiftet er brukt til (eng, beite, korn).
  • Det er fint om du også noterer om jorda består av mest leire, silt eller sand. Om det er mykje eller lite mold (organisk innhald) er også viktig for oppsett av den ferdige gjødslingsplanen.

Bestille analysar

Vi tilrår i utgangspunktet analysepakken som består av pH, P-AL, K-AL, Mg-AL og Ca-AL. På beite kan det i tillegg væra aktuelt å analyser for kopar (Cu). Planlegg du å ha grønsaker neste år, er analyse av bor også av interesse.

Innsending

Vi kan gjerne hjelpe til med utfylling av skjema og sende inn prøvane for deg, om du kjem til eit av kontora våre. Før prøvane vert sende inn må dei tørkast så dei toler transporten utan å byrje å mygle.