Laglege hausteforhold har det vore få dagar av i år, og det er ikkje så reint lite krefter som vert lagt ned i potten for «bekymring for veret» skriv HMS-kollega Øystein Tholo i sitt blogg-innlegg om viktigheita av ferie 1. juli, sjå FERIE?!?

Og etter ein av dei mest regnvåte somrane i manns minne i deler av Vestland og enkelte stader lenger nord i landet, er det ikkje måte på kor mykje krefter me har brukt på å bekymra oss for veret. Rett nok ser me at både grågås, måkar, ender, tjeld og brunsnigel trivst godt på bøane våre, men det var ikkje dei me hadde tenkt å halda plass til og liv i.

Og i bloggen til ein annan HMS-kollega, Kolbjørn Taklo nemner han viktigheita av å dela bekymringar ein måtte ha, sjå Når det tårnar seg opp, må du rive ned, før det blir for…

Dei som særleg bekymrar seg for at innhaustinga gjekk svært dårleg, og har lite vinterfôr i forhold til kva som var forventa, bør vurdera å søkja avlingsskadeerstatning grunna klima. Søknadsfristen er 31. oktober. Altinn - Erstatningsordningene i landbruket Jordbruksrådgjevar i NLR Vest, Katrine Østraat gir deg nokre gode tips om å søkje erstatning etter avlingssvikt i sin artikkel Råd ved manglende innhøsting eller redusert avling.

Ei bekymring eg vil dele, er korleis me skal få tid og krefter til å drenera areala som vart for våte for hausting i år, og til å reparera jord og plantedekke som vart sundkøyrd under hausting.

Greier me å gjera tiltak som avskjeringsgrøfter, fornying og oppskalering av grøfter og gjerne kombinert med fleire og betre bakkeslukar? Og har me råd til å gjennomføra det som skal til for at det skal bli bra?

Fordelene med betra drenering er at det vil kunne gje

  • Auka avling
  • Raskare opptørking
  • Redusert jordpakking
  • Lengre tid med lagleg forhold for køyring
  • Betre vekstvilkår for plantene
  • Betre rotutvikling i tørre år

Betre drenering vil også vera eit godt klimatiltak, særleg fordi plantene i godt drenert jord utnyttar tilført gjødsel betre. I Klimakalkulatoren vert det rekna 1 % mindre utslepp av lystgass per kg tilført N der arealet er godt drenert.

Har me råd til å grøfta? – eller har me i grunnen råd til å la vera?

Det blir gitt litt tilskot til dreneringstiltak og etter søknad til kommunen kan ein forventa tilskot på kr 38 per meter evt. 2 500 per dekar (dette gjeld både opne avskjeringsgrøfter og grøfter med røyr i). Kravet er at ein har skissert ein plan på eit kart og set opp eit enkelt kostnadsoverslag. Etter at arbeidet er ferdig utført må ein dokumentera kva som er gjort i praksis. Bilete undervegs i arbeidet er alltid god dokumentasjon.

NLR Vest kan hjelpe til både med planlegging og utfylling av søknad, det er berre å ta kontakt!

Lukke til med avslutning av årets vekstsesong og førebuing av ein ny.

Altinn - Tilskudd til drenering av jordbruksjord

2013-drenering-teori-og-praksis.pdf (bjerkreim.kommune.no)