Kalking til korn og fôrvekster

26.02.2020 (Oppdatert: 26.02.2020) Eivind Bergseth

Etter å ha fått attende jordprøveanalyser frå i haust, ser vi at det er eit stort etterslep på kalking. pH i jorda er for låg til at vi får utnytta resursane og avlingane kunne vore mykje høgare. Det er to viktige føresetnader som må vere på plass før vi kan få optimal plantevekst. Den første er at dreneringa er i orden og det andre er kalktilstanden.

Kalktilstanden er ein av dei to føresetnadene for god plantevekst. FOTO: Morten Berntsen

Artikkelen er første gang publisert: 26. mars 2017. Oppdatert 26. februar 2020

I kornproduksjonen er det 2-rads bygg som er mest kravfull til pH, deretter følger 6-radsbygg, kveite, havre og rug. Rett pH i kornproduksjon ligg i intervallet  6,2 -  6,7.

Blant fôrvekstane er det kløverartane og raigras som er mest kravfulle til pH med optimalt nivå rundt 6,5.

Timotei, bladfaks og rapp trivest best i pH intervallet 5,7 – 6,5 med optimalpunkt rundt 6,0.

Engsvingel og hundegras  kan trivest godt i området 5,4 – 6,2.

I grovfôrdyrking bør  vi halde pH i intervallet 6,0 -6,5

Før kalking må vi ha ferske jordprøver for å bestemme mengde og type  kalk. Når jordprøver viser lågare Mg-Al tal enn 5, må det nyttast kalkdolomitt. 

Grove kalk-typer kan nyttast til vedlikehaldskalking, medan mjøltyper er mest egna når pH skal hevast fort.

 

Kva skjer når pH i jorda er for låg?

Låg pH  gjer at aluminium-konsentrasjonen i jordvæska bli høg. Dette fører til giftverknad for planterøtene  som fører til  dårleg celledeling i rotcellene  og dermed lite rotvolum til å ta opp næring frå jorda.

Ved låg pH blir  fosforet i jorda fiksert til meir utilgjengeleg form og utnyttinga av gjødsla blir dårleg.

Dessutan blir respirasjonen i røtene nedsett og celleveggane blir stivare. Røtene blir altså dårleg utvikla. I tillegg til dårleg opptak av nitrogen, kalium, fosfor og svovel, blir effekten den same for kalsium og magnesium, samstundes med at vasshushaldet i plantene blir negativt påverka.

 

Kva slag kalk skal vi nytte?

 

Viss pH er så låg at store kalkmengder skal nyttast, bør vi bruke ei mjøltype fordi kalk i denne forma løser seg raskt opp og vi får rask stigning av pH. Ein slik kalk kan ha kalkverdi 53/55. Dette viser at det meste av kalken er løst opp første året. 53 står for oppløst kalk 1. året og 55 står for oppløst etter 5 år.

Ved kalking der store mengder må nyttast, skal kalken arbeidast inn i jorda. Helst bør mengda delast i to, før og etter pløying og deretter blandast inn med harving.

Ved vedlikehaldskalking vil det vere aktuelt å nytte ein grovare kalktype som løser seg seinare opp. Den kan ha kalkverdi for eksempel 35/48. Vedlikehaldskalking vil seie å halde oppe pH på eit ønska nivå og motvirke dei faktorane som til kvar tid senker pH. Desse faktorane er mellom anna, bruk av handelsgjødsel, organiske prosessar i jorda, sur nedbør etc.

Når magnesiuminnhaldet i jorda er lågt må det nyttast dolomittkalk. Slik kalk har eit betydeleg innhald av magnesium avhengig av kor kalken er brote ut. Når Mg-Al er mindre enn 5 på jordprøva, skal det nyttast kalkdolomitt. Vi rår likevel til at  denne kalktypa nyttast når dette talet er lågare enn 7. Magnesiumrik kalk  løser seg seinare  opp enn kalktypar utan magnesium. Dette har samanheng med at magnesium har sterkare bindinga kjemisk enn kalsium. Magnesium har  større nøytraliserande effekt enn kalsium. Kalkdolomitt  leverast også både som mjøl og grov vare.

 

Kor mykje  kalkvare skal nyttast?

Vi kan sjå på kor mykje kalk som må til for å heve pH med 0,1 eining. Dette varierar med jordtype og  kor mykje organisk materiale jorda inneheld. Tabellen under, utarbeidd av professor Tore Krogstad, viser dette.

Mengde CaO i kg pr.  daa for å heve pH med 0,1 eining

Jordart

Leirinnhold

Innhold av organisk materiale



0-3 % 4-6 % 7-12 % 13-20 %
Sand, silitg sand < 5 % 25 30 35 40
Silt < 5 % 30 35 40 45
Sand, silting sand, silt < 5-9 % 35 40 45 50
Lettleire 10-25 % 40 45 50 60
Mellom-, stiv leire >25 % 40 50 55 65

Mineralblanda moldjord (21-40 % organisk materiale) 60 kg pr daa
Organisk jord (41-75 % organisk materiale) 75 kg pr daa
Organisk jord (>75 % organisk materiale) 90 kg pr daa
Torv, lite omdanna (>75 % organisk materiale) 40 kg pr daa

Ein grov tommelfinger regel seier at  det skal til 100 kg kalk for å heve pH med 0,1 eining.

(Da går ein ut frå kalkverdi på 50 og 50 kg CaO for å heve pH med  0,1 eining)

Når ein kjenner dette , må ein rekne ut kor mykje kalkvare som skal til.

Det finn ein ved å  ta  CaO-kravet og dividere med kalkverdien for den aktuelle kalktypa.

Eksempel:

Ein silt med 4-6 % organisk materiale treng 35 kg CaO for å heve pH med  0,1 eining.

pH skal hevast 0,5 einingar. Da skal det til 5x 35 kg CaO=175 kg/ daa CaO

Kalktypa har kalkverdi 45/50. For å rekne om til kalkmengde  tek ein og dividerer CaO behovet med kalkverdien (her etter 5 år): 175 kg CaO/daa: 50 = 350 kg kalkvare pr. daa.

 

For å samanlikne priser pr tonn kalkvare må det tas omsyn til kalkverdi. Ein billig kalk med låg kalkverdi kan vere dyrare enn ein variant der kalkverdien er høgare. 

Eksempel:

Kalk A koster 600 kr pr tonn og har kalkverdi 35/43
Kalk B koster 650 kr pr tonn og har kalkverdi 48/50

Pris pr 100 kg CaO etter 5 år: 
Kalk A: 600 kr / 43 = 140 kr
Kalk B: 650 kr / 50 = 130 kr

Dette viser at billigaste kalken er den som hadde høgast tonn-pris på grunn av betre kalkverdi. 

 

Når skal ein kalke?

Det kan kalkast både vår og haust samt om vinteren,  viss ein er sikker på at ikkje kalken renn av i  bratt terreng ved snøsmelting.

Viktigast er at  kalkspreiinga skjer på eit tidspunkt når jorda er  tørr eller tela  slik at  kjøreskadane blir minst mogleg. Traktor og kalkvogn er tungt utstyr som fort gir  strukturskadar på jorda dersom  spreiing skjer når det er blautt.

Ein fordel med haustspreiing er at da får kalken noe lengre tid til å løse seg opp og pH-hevinga blir betre  til neste  vekstsesong.

Viss ein skal kalke grasmark som ikkje  er pløgd,  bør  ein ikkje gi meir enn 250 – 300 kg / daa om gongen. Ved store  mengder  vil det ta  veldig lang tid  før kalken sig nedover i plogdjupna og  ein får  svært høg pH  heilt i overflata.

 

Konklusjon

Høg kornavling er betinga av at ein  held pH i jorda i området 6,2 – 6,7.  Kjennskap til pH får ein ved å ta jordprøver kvart 5. – 8. år. Like viktig er å halde vasshushaldninga på eit rett nivå, dvs. dreneringa må vere i orden.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.