Gjer klart for haustbeite

07.08.2020 (Oppdatert: 21.08.2020) Oddbjørn Kval-Engstad

Når dyra kjem heim att frå setre og utmarksbeite, må vi ha klart godt fôr, anten det er til kjøtt- eller mjølkeproduksjon. På same tid må vi syte for at skifte i fôrkvalitet ikkje vert for stort. Dyra har gjerne ulike behov, så det er viktig å gruppere etter om dei skal produsere eller berre haldast ved like.

Sau som skal auke vekta treng gode haustbeite. Foto: Morten Livenengen.

Gjødsel eller kløver

For dyr som treng å auke vekta er det viktig å ha god proteinforsyning, som dei kan få anten frå gjødsla gras eller med kløver. Mange forsøk viser at tilveksten er langt betre på gjødsla enn ugjødsla beite (der kløver mangler), anten dette er kulturbeite som har hatt "dyrefri" i sommar eller håbeite etter slått tidlegare i sesongen. Frå praksis er meldt om god tilvekst på lam der dei har godt med kløver i beitet.

Gjødselmengde og -tid

Du må ta omsyn til kva du kan vente av avling utifrå plantebestand, uthenta avling tidlegare i sommar og mogleg veksttid for haustbeitet. Utan kløver er det typisk snakk om 3-5 kg nitrogen pr dekar, gjerne i form av NPK- eller Fullgjødsel på beite utan  husdyrgjødsel (attåt det dyra legg att) dei siste åra. Raigras, hundegras og strandsvingel kan gi betaling for sterkare gjødsling om det skjer innan 15.august, men du bør då dele opp gjødselmengda og aldri gå over 5 kg N/daa i ei gjødsling. Italiensk raigras kan gjødslast ut i september og kan betale for meir enn 5 kg N/daa frå no (7.august) og utover i områda med lengst vekstsesong i Innlandet. Sterkt gjødsla gras er sterk kost for dyr som kjem frå utmarksbeite, og truleg grunnen til at nokre ikkje har fått tilvekst som forventa.

For å ha klart beite er det ein fordel å gjødsle om lag 3 veker før dyra kjem att. Normalt er då næring teke opp i plantene og mellom anna protein bygd opp. Du kan gjerne gjødsle tidlegare, men då kan noko gras ha vokse i meste laget i høve til ønska plantehøgde for høgt beiteopptak. Du kan og gjødsle nærare "beiteslepp", men lyt halde att på mengden, særleg til raigras og hundegras som framleis har svært aktivt næringsopptak i august.

Ugraspussing

Skal du få god avbeiting og lite vraking, må dei beste beiteplantene få dominere. Har du ikkje pussa ned ugras og vraktuver tidlegare, må du gjere det no. Pussinga vil og stimulere til ny, frisk grasvekst. Ugras med frøstengler bør du absolutt ta for hand og bere/køyre vekk. Ein beitepussar er meir effektiv enn mange planter i å spreie ugrasfrø!

Overgangsfôring

Sjølv utan sterk gjødsling er ferskt beite kraftig kost og ikkje minst i voldsomt mykje større mengder enn det dyra fann på utmarksbeite på slutten. Vi høyrer av og til om dyr som beiter jordekantane vel så godt som beitet som er stelt i stand rett etter dei kjem heimatt. Kan du gje dyra tilgang til beite av skiftande kvalitet er det truleg positivt. Elles kan du løyse det med litt strukturfôr i ein fôrhekk. Det vert trivelegare både for dyra og deg.

Kalk beitet !

Mange varige beite vert "gløymt" i kalkinga, med låg pH som resultat. Då tek mindre verdifulle planter over! Kalking er ikkje noko vi gjer (sjølv om det er mogleg) no rett før dyra skal sleppast på att, men det kan gjerne gjerast i haust - eller det kunne vore gjort etter vårbeitinga var ferdig. Kalken sig sakte ned i jordprofilet med dei tørre forholda vi har i Innlandet, og vi skal ha mykje uflaks med véret om noko renn vekk. Normalt set vi ei grense ved 300 kg kalk pr dekar ved overflatekalking, men med haustkalking kan vi nok gå opp i 400 kg/daa. Sidan kalken sig så sakte ned gir det ikkje meining med store mengder - då vert det berre veldig høg pH i det aller øverste jordlaget.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.