Frisk satsing

Geir Arne Kvam i Sogndal er ikkje skuggeredd. Etter at han som yngstemann i ein søskenflokk på tre gutar tok over garden i 2016, starta han med å byggje opp nytt tun på det andre bruket dei eig. No er alle på plass, både folk og sauer. Garden på Kvam hadde ikkje det beste tomtelandet, så det er skote ut 1000 m3 og køyrt til 1000 m3 stein før betongarbeidet kunne starte. Alt grunnarbeidet er sjølvgjort.

Sauefjøsen

Sauefjøsen er 12 m brei, fôrsentralen 8 m lang og arealet med strekkmetall er 15 m langt. Planløysinga i dag er med to fôrbrett, bingerekkene mot yttervegg er 2,40 djupe og midtbingen med fôrbrettilgang til begge sider er 4 m brei. Det er lagt strekkmetall over heile arealet. Dette opnar for å endre planløysing til t.d. storbinge seinare.

Denne våren er det knappe 70 sauer som skal lamme, og med upara lam er det 82 dyr i fjøsen. Maksimal kapasitet i fjøsen er 130-140 sauer; då er det behov for å nytte fôrsentral og anna areal som tilleggsareal under lamminga.

Funksjonelt bygg

NLR Vest har planlagt og dimensjonert bygget og sett opp driftsplan. Det er ein kaldfjøs med naturleg ventilasjon. Geir Arne har valt å kle bygget med vedlikehaldsfritt materiale. Eit lokalt firma har stått føre både betongarbeid og reisverk. Han er godt nøgd. Særleg framhevar han drivgangen langs yttervegg og takluftinga. Denne styrer han manuelt. Direkte utlegg for taklufting var 40 000 kr og 100 % eigeninnsats med montering. Det var mykje arbeid å montere dette systemet, seier Geir Arne.

Etter innflytting fôra han ein gong dagleg, men no når det nærmar seg lamming, er det fôring morgon og kveld. Far til Geir Arne er nyleg pensjonist, og hjelper gjerne til med fjøsarbeidet. Både Geir Arne og kona er i fullt arbeid utanom garden.

Gjødsellageret har ein kapasitet godt over det som trengst til ein vinter. 15 x 12 x 3,3 m gir eit volum på nesten 600 m3. Det er montert to veggmiksarar, gjødselporten er 2,6 x 2,6 m og veggkranen er 6". Det kostar sjølvsagt ein god del ekstra å byggje med 3,3 m høgde i staden for 1,8 m som er det vanlege i dag. Geir Arne har likevel valt dette ut i frå omsynet til alternativ bruk.

Drifta

Det høver godt å drive med sau på Kvam. Areala er ikkje dei enklaste å hauste, så ei drift med stor fokus på beite, både innmark og ikkje minst utmark, er ideell. Utmarka startar rett oppom garden, så det er berre å late opp grinda og sleppe dei oppover.

Driftsplanen er sett opp med forventning om eit lammetal på 2,0. Det er kalkulert med 210 slaktelam, vel 30 lam til påsett og 10 lam i tap (4 %) på beite ved full fjøs. Det er først i 2023 at fjøskapasiteten er planlagt fullt utnytta. Då er driftsresultatet forventa å bli om lag 160 000 kr. Det er mange usikre faktorar framover som kan endre lønsemda i sauehaldet, men i høve kjøtpris er det teke høgde for "dårlege tider" enno i nokre år.

Bilete 1 G A Kvam
Geir Arne har bygt ein "full-flex" fjøs. Strekkmetall på heile arealet, og stor takhøgde slik det kan nyttast takopphengt kuttar eller taljebane for rundballar til fôrkassar.
Bilete 2 G A Kvam
Frontane er enkle og sjølvlaga. Treverket er lakkert.
Bilete 3 G A Kvam
God plass framfor portane. Hovudport er 4x4 m og sideport er 3 m brei og 3,3 m høg.
Bilete 4 G A Kvam
Bygget presenterer seg flott til tross for at alle overflater er vedlikehaldsfrie stålplater. Vegghøgde er 4 m/mønet 5,5 m.