Ein del av ammonium-nitrogenet i gjødsla går tapt som ammoniakk-fordamping. Me luktar at det kjem nokre gassar frå gjødsla, men det er vanskeleg å måla nett kor mykje det er snakk om.

Difor er det vanleg å nytta modellar for å sjå på ammoniakk-tap. Desse modellane er gjerne bygt på kontrollerte forsøk, so ser ein på korleis vêr, gjødsel og andre tilhøve er forskjellig frå forsøka, tilpassar modellen og kjem med eit forslag. Det er gjort ganske få målingar i Noreg, det meste av John Morken på 1990-talet.

Ammoniakk-tapa er ein del av klima-rekneskapen. Etter at ammoniakken har fordampa, kan han bli omdanna til andre former nitrogen. Det er rekna at 1 % av ammoniakk-tapet ender opp som klimagassen lystgass, der eit molekyl lystgass over 100 år vil varma 300 gongar meir enn CO2. I den norske klimarekneskapen estimerer me ammoniakk-tapet etter årstid, spreiemetode og om det er tunn eller tjukk gjødsel[1].

Storparten av ammoniakk-tapet skjer vanlegvis stutt tid etter spreiinga, gjerne i dei fyrste tolv timane. Då har gjødsla både ei stor overflate mot lufta og høg konsentrasjon av ammonium. Etter kvart siv gjødsla av bladverk og ned i bakken. Dette minkar overflata, og ammoniumet får lenger veg til atmosfæren. Når gjødsla har trengd ned i jorda, kan ammoniumet bli bunde av finstoffet i jorda. Kor fort gjødsla trenger ned, og kor godt ho blir bunden der, kjem an på porevolum og jordart. Det er òg meir fordamping frå meir konsentrert ammonium enn frå tynnare vare.

Dersom det er varmt, blir det meir fordamping, både av vatn og ammoniakk. Vinden aukar òg fordampinga, sidan han skifter ut lufta over gjødsla og hindrar henne å bli metta med ammoniakk. Regn, på hi sida, tunnar ut gjødsla og hjelper han ned i jorda. Difor reduserer regn ammoniakk-tap.

Sidan det er varmare midt på dagen, vil det vanlegvis vera større fordamping då enn på kveld og morgon. Spørsmålet er om effekten er so stor at det er rett å leggja opp dagen etter det. Det har eg prøvd å rekna på her.

Material og metodar

Her har eg nytta ein dansk datamodell for å rekna ut kor mykje det har å seia om me spreier gylla morgon eller kveld. På Fureneset gylla me i arbeidstida veka etter påske, so eg tek utgangspunkt i vêret denne veka og gjødsla me spreidde. Eg nyttar spreietidene 8:00, 14:00 og 20:00 kvelden før, og datoane 18. og 20. april (kvelden før vert då 17. og 19.).

Resultat

Vêret var ganske likt båe dagane. Det var ikkje regn, lite vind og om lag like varmt (figur 1). Dette gjev oss ganske like estimat av ammoniakk-tapa. Figur 2 viser korleis ammoniakk-tapet er venta å utvikla seg i laupet av det første døgeret etter spreiing 20. april. Mønsteret etter spreiing 18. april er i hovudsak det same, og difor ikkje synt.

Dersom me nyttar fanespreiar, har me 72 timar etter spreiing 18. april eit estimert tap på 28 %, uansett om me spreier kvelden før, på morgonen eller midt på dagen. Tapet vert mindre om me går over til stripespreiar: Då tapar me 18,5 % om me spreidde klokka 20:00 kvelden før. Spreier me klokka 8:00 om morgonen går tapet opp til 19,2 %, og vidare til 19,7 % om me spreier klokka 14:00. Ved å spreia på ei gunstigare tid på døgeret er ammoniakk-tapet vorte 83 g N mindre per dekar enn ved å spreia klokka 14:00.

Temperatur og vind
Vêret under spreiinga var ganske likt båe dagane.
Gylle spreidd 20 4 22
Forventa utvikling av ammoniakk-tapet etter spreiing.


Diskusjon og konklusjon


Me spreier gylle når vårsol i bakkane blenkar, og det er meld finvêr heile langtidsvarselet. Det er ikkje det beste vêret til slikt, men me må taka det vêret me får. Alternativet er å lata graset vansmekta og gyllekummen fyllast i vona at det kjem ein kaldare og våtare periode – det er ikkje til å lita på.

Modelleringa syner at det heller ikkje er mykje å henta ved å spreia på kveld heller enn dag. Hadde skilnaden mellom temperaturane dag og natt vore større, hadde det òg vore marginalt meir å spara på å venta til kvelden. Men utan nedbør for å vaska gylla ned i marka er ikkje utslaget stort – den ammoniakken som ikkje fordampar over natta, ligg klar til å fordampa neste dag.

Dersom gylla siv svært fort og greitt ned i bakken av seg sjølv, er det kan henda meir å henta på å tilpassa spreietida. Då må det nok nedbør til. Modellen tek omsyn til at regn hjelper gylla ned i jorda, og til at tunn vare renn fortare nedi, men skil ikkje mellom jord med god og dårleg infiltrasjonskapasitet – som det er lett eller vanskeleg å siva ned i. Sidan dette er ein modell, kan det henda han tek feil. Dette gjeld særleg sidan han ikkje er kalibrert med vestnorske forsøksresultat. Men resultatet ser fornuftig ut, det samsvarer godt med tabell-verdiane for ammoniakk-tap i klimarekneskapen, og alternativet er å lita på magekjensla åleine.

Den vesle skilnaden tilseier at det ikkje er naudsynt å innretta dagen etter kva tid ammoniakk-fordampinga er minst.

Åsmund Mikalsen Kvifte

Forskar ved NIBIO Furuneset

Kjelder:

[1] Den norske måten å rekna ut nitrogen-utslepp frå husdyrgjødsel: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2019/januar-2019/calculation-of-atmospheric-nitrogen-emissions-from-manure-in-norwegian-agriculture/

[2] Heimesida til ALFAM2-modellen: https://projects.au.dk/alfam//