Med krig i Europa lurer nok mange på om det er smart bruk av tid og ressursar å tenkje på klima. Det er det.

Europas matfat brenn, og matsikkerheit er viktigare no enn på lenge. Mange lurer nok på om det er fornuftig bruk av tid og ressursar å tenkje på klima no. Vi trur at klimarådgjeving som medverkar til ei betre styring på garden og dei ulike produksjonane, kan verka positivt på produksjon og lønnsemd og slik sett gje auka matsikkerheit. Handlingsplanen som du kan få utarbeidd er eit verktøy og ei handlingsliste. Den skal hjelpe deg til å kome i mål med ulike oppgåver, avdekka forbetringspotensial og finne kostnadsnyttige løysingar på klimautfordringar på garden.

Kva krev det av deg?

God rådgjeving er sentralt i arbeidet for å finne gode klimaløysingar for din gard. Og i det gode rådgjevingsarbeidet treng ein gode rådgjevingsverktøy. Her kjem Klimakalkulatoren inn.

For dei fleste bønder har Klimakalkulatoren etterkvart blitt eit kjent namn. Men alle er kanskje ikkje like sikre på kva Klimakalkulatoren inneheld, og kva han krev av deg. Samtidig som Klimakalkulatoren skal styrke klimabildet av bonden ut til forbrukaren, skal den som sagt også vere eit nyttig verktøy for bonden. Klimakalkulatoren gir oversikt over kva utslepp du har frå gardsdrifta di totalt, og per kg produkt som blir produsert.

Her får du oversikt over dei tre største utsleppsfaktorane i landbruket: metan, lystgass og karbon, omrekna i CO2ekvivalentar.

Karbon

Alle organismar, og dermed alt som blir produsert på garden, består av karbon. Karbon “reiser” i eit evig krinsløp mellom luft, vatn, jord, berg eller levande organismar. Dette krinsløpet er delt i to, ein kort og ein lang del. Landbruket si binding og utslepp av karbon inngår i den korte delen, og hovudsakleg som karbondioksid (CO2) og metan (CH4). Her vil karbon takast opp frå atmosfæren ved hjelp av fotosyntesen, danne komplekse organiske molekyl og sleppast ut att etter kvart som organismane blir brotne ned. I gardsdrifta vil ein og sleppe ut ein del CO2 i samband med bruk av drivstoff og andre innsatsfaktorar.

Lystgass

Nitrogen er viktig for danning av protein i plantar, so vel som dyr. Under og etter spreiing av husdyrgjødsel (og mineralgjødsel) kan nitrogenet gå tapt som ammoniakk (NH3). Under tilhøve utan oksygen i jorda (og i gjødsellageret) kan det dannast noko lystgass (N2O) som er ein kraftig klimagass.

Generelle råd til god utnytting av nitrogen er:

  • Gjødselmengd tilpassa forventa avlingsnivå
  • Spreiing av husdyrgjødsel tidleg i vekstsesongen
  • Vasstilførsel i gjødsla
  • Slangespreiing og eventuelt stripespreiing
  • God drenering
  • Hyppig fornying av enga
  • Minimalt med jordpakking

Nitrogen vert hovudsakleg teke opp i plantar som nitrat (NO3-), og noko som ammonium (NH4+). Husdyrgjødsel er rik på ammonium, og inneheld i tillegg organisk N, som treng mikrobiell omdanning for å verta plantetilgjengeleg. Mineralgjødsel inneheld som regel både ammonium og nitrat. Omdanningsprosessen er påverka av både temperatur og oksygentilførsel. Nitrat er særleg utsett for utvasking, og dersom plantane ikkje tek opp tilgjengeleg nitrat i jorda kan store mengder gå tapt til vatn. God drenering er difor eit viktig tiltak for å hindre danning av lystgass.

Metan

Drøvtyggjarar og gjødsellager er kjelde til danning av metan. Dyrking av myrjord er kjelde til frigjering av CO2, og eventuelt også metan. Det er vanskeleg å gjere noko med utsleppet av metan frå drøvtyggjarar, men mykje stivelse i fôrrasjonen er positivt, dersom ein ser på metanutslepp isolert sett. Her blir det også utvikla ulike tilsettingsstoff som vil bidra til reduksjon, samt utvikling innan avl.

Sau og grønsaker på veg inn

Klimakalkulatoren er eigd av bøndene sjølv, gjennom ulike selskap. 17 bedrifter er medeigarar, og alle desse er landbruksselskap. På eigarsida finn ein til dømes båe Tine og Q-meieriet. Rett før jul i fjor vart Klimakalkulatoren opna for «alle». Det vil seie at du kan opne kalkulatoren sjølv om du ikkje får alle utrekningane. Til dømes vil du som sauebonde kunne sjå utrekninga av utsleppa frå grasproduksjonen, men ikkje utsleppa frå kjøtproduksjonen. Kalkulatoren er vidare i konstant utvikling. Nyaste tillegget til Klimakalkulatoren var ammeku, potet og egg hausten 2021, og pilotversjonen på sau kom ut sommaren 2022. Grønsakproduksjon blir lagt til i løpet av hausten 2022.

Grønt lån?

Det vil også vere aktuelt for deg som ynskjer å søke om grøne lån. I Klimakalkulatoren finn du eit lite kurs om klima, med ein liten quiz på slutten. Då vil ein få ut eit klimabevis som du kan syne til bankane.

Del av RMP

Klimarådgjeving med bruk av Klimakalkulatoren kan høyrast ut som eit kostbart prosjekt, der eventuelle innteningar på prosjektet kjem seinare. Derfor er klimarådgjeving frå godkjente klimarådgjevarar no innlemma som eige RMP-tilskot. Tilskotet blir søkt på ved ordinær RMP-søknadsfrist, der satsane vil variere litt i dei ulike fylka. Kontakt din lokale rådgjevar for meir info om RMP-midlar til klimarådgjeving i ditt fylke.

Konklusjonen er at norsk mat er bra, og Klimakalkulatoren skal bli eit verktøy for bonden til å bli endå betre. Klimakalkulatoren er ein fin måte å vise forbrukaren at maten som blir laga i Noreg, blir laga av bønder som bryr seg.

Stripespreiing
Stripespreing: Eit effektivt klimatiltak som både reduserer klimagassutslepp og gir høgare utnytting av husdyrgjødsla (arkivfoto).