Du ser han no og då om hausten. Slitaren med oljetrøye og motorslåmaskin. Riva og høygaffelen stør seg mot kvarandre og held motet oppe. Traktoren står klar med svansen. Dette er nullbeiting. Grannen har direktehaustingsvogn. Det er fleire måtar å spela ludo… I dagens kostnadsklemme kan nullbeiting bidra til å halda oppe vekta på lommeboka til bonden. Kva skal til for å lukkast?

Kostnadskapping

Beiting er ein god kostnadskappar, og det er i dag krav til at dyra kjem seg ut av fjøset deler av året. I mange tilfelle er det likevel ikkje lett å praktisera beiting.

I moderne lausdriftsfjøs er det svært vanleg å servera konservert grovfôr på fôrbrettet også i beitesesongen. Ofte i kombinasjon med beiting. Før fôret i ein rundball hamnar i gapet på ei ku, har det vore gjennom fleire ressurskrevjande ledd: Gjødsling, slått, raking, balling, transport, riving og utfôring er alle døme i so måte.

Alle ressursane har hatt eit sterkt prishopp i seinare tid. Gjødselprisen har sprotte gjennom taket og har ukjend kurs ut i det blå. Det same har prisen på straum og drivstoff. Prisen på både plast/nett og maursyre har auka merkbart. Di fleire av desse ledda me kan kappa bort, di mindre vert fakturaen frå vareleverandøren.

Å nytta direktehausta gras og grønfôr til sokalla nullbeiting er ikkje noko nytt. Fordi det er ein måte å kappa bort kostnadsledd, bør nullbeiting ha eit potensiale for å styrka økonomien i husdyrhaldet. Samstundes krev det meir planlegging og arbeid, men det vert det ikkje fakturert for i det minste…

Ei avling på 1 000 kg tørrstoff per daa tilsvarar 4-6 rundballar. Med ein nett/plastkostnad på 85 kr per ball utgjer berre dette 350-500 kr per daa i sparte kostnadar. Ensileringsmiddel sikrar konserveringa på grovfôret, men kan og droppast. Tek ein likevel med kostnad til ensileringsmiddel (50 kr per ball for maursyrebasert middel) vert besparinga med direktehausting inntil 500-800 kr per daa berre i variable kostnadar.

Gamlemåten

Ein velkjend måte å driva nullbeiting på er å nytta gjenveksten etter siste slått som nullbeiting. Dette eignar seg særleg bra i eit opplegg med 2 slåttar, og rikeleg med attvekst i september/oktober. Dyra er då ofte tekne inn frå beite pga. mykje opptrakking og elles redusert beitevekst. Gjennom å slå litt kvar dag med motorslåmaskin, eller anna lett utstyr, vert arbeidsmengda overkomeleg. Metoden er skånsam og lite vêravhengig. Opplegget eignar seg best for mindre mjølkeprodusentar. Med bruk av effektivt hausteutstyr vert kapasiteten utvida, men samstundes meir vêravhengig. I år kan ein slik ekstrainnsats om hausten koma vel med.

Direktehausting heile sesongen

Eit meir gjennomgåande opplegg med nullbeiting gjennom heile vekstsesongen krev planlegging. For å erstatta den gode verknaden av beitegras, bør eit skifte for nullbeiting slåast ofte. Grasartar med god attvekstevne som t.d. raigras høver bra. Eittårig og toårig raigras vil gje best avling. Fleirårig raigras høver og bra, dersom du ikkje vil fornya kvart bidige år.

Gjødsling av slike areal kan vera ein brysam kabal. Husdyrgjødsel og mineralgjødsel på våren er kurant. Seinare i vekstsesongen kan gjødslinga koma i konflikt med både korte tidsintervall mellom slåttar og at halve teigen er uhausta når veksten er i gang att på den andre halvdelen. Det kan soleis vera lurt å ha ei viss oversikt over korleis nullbeitinga vert utført. Det er to ting som det er viktig å unngå. Det eine er å spreia husdyrgjødsel på gras som er kome for langt, sidan dette kan medføra sporar i mjølka. Det andre er å unngå er at det vert gjødsla for sterkt med nitrogen kort tid før hausting.

Ei anna vesentleg utfordring med dagleg direktehausting, er at periodar med sterk nedbør er brysamt for bakkane.

Teknisk utstyr

Motorslåmaskin er nemnd og rikeleg omtala. Ein annan klassikar er fôrhaustar med Vossakasse eller kjerre. Mange nyttar slikt ustyr. Andre har det framleis ståande.

Lessevogn er eit bra og effektivt verktøy til direktehausting. Frontmontert slåmaskin og lessevogn gjev ein utmerka kombinasjon, som vel og merka stiller sterke krav til motorkapasitet. Rundballepresse kan og nyttast til dette føremålet. Transport av balle i kammeret fram til fjøset kan då vera aktuelt.

Eigne direktehaustingsvogner vert no tilverka. Desse har ei rotorslåmaskin i front av vogna og eit innmatingssystem. Vogna vert dregen på sida av traktoren når du slår. Dette er ein effektiv måte å hausta gras på, og senkar terskelen for å ta fat på oppgåva kvar dag. For store mjølkeprodusentar kan dette verkeleg ha noko for seg. Skal me våga å sjå rakt inn i krystallkua, ser eg for meg at slike vogner kjem til å slå an i Noreg i løpet av dei neste ti åra.

Www boninoitaly com
Foto: https://www.boninoitaly.com/en/self-loading-cutter-wagons/
TBH Direktehaustingsvogn
Foto: https://www.handengineering.com/Products/Detail/Zero-Grazing-Machine-