Hundekjeks er ein art som i stadig aukande grad spreier seg i kulturlandskapet. Arten er næringskrevjande og trivst godt i område med god nitrogentilgang, som f.eks. på næringsrike vegkantar langs dyrka mark.

Formeiring

Hundekjeks fornyar seg både ved frø og vegetativ spreiing. Det fyrste året etter spiring dannar planten ei pålerot og ein bladrosett. Blomstringa skjer vanlegvis i tredje eller fjerde leveår. Frøa fell ned ved sida av morplanten, og overlever maks to år i jorda. Hovudskotet døyr etter blomstringa, men dannar eitt eller fleire sideskot frå rota. Skota utviklar nye bladrosettar i løpet av hausten.

Hundekjeks
Pålerot med hovudskot og sideskot. Hovudskotet døyr etter blomstringa.

Slått og beiting som tiltak

Det er vanskeleg å finne det «optimale tidspunktet» når det gjeld slått som tiltak mot hundekjeks. Planten har utvikla strategiar; danning av mange sideskot- som kompenserer for slåtten. Slått mellom blomstring og frømodning ser ut til å ha størst effekt mot hundekjeks. Ver forsiktig med å slå for tidleg (før blomstring)- dette kan stimulere veksten av sideskot! Somme stader har det hjelpt å slå fleire gongar over fleire år, noko som førte til utarming av rota og minkande bestand. Det er vanskeleg å gje gode råd sidan samanhengane er så komplekse. Intensiv beiting i kortare periodar vil mellombels kunne redusere bestanden, men det er viktig å unngå trakkskade.

Kant hundekjeks
Hundekjeks i kantsona av ei eng.

Eit godt tiltak mot hundekjeks kan vere djup pløying, jordarbeiding og bruk av vekstskifte.

Kjemisk bekjemping av hundekjeks er vanskeleg. Sprøyting med f.eks. Harmony 50 SX eller Mekoprop er aktuelt. Brakking med glyfosat har heller ikkje fullgod effekt!