Når kostnadane på innsatsfaktorar aukar, er det ekstra viktig å nytte dei riktig. På maskinteknikk og presisjonsfronten er det mange hjelpemiddel som er med på å redusere overforbruk av innsatsfaktorar.

Eit eksempel på dette er kantspreiar og seksjonskontroll til gjødselspreiaren.

Ikkje berre for dei store

Kostnadsauken fører og til at vi ser at terskelen for lønsamheit med bruk av presisjonsutstyr går ned, noko som igjen fører til at presisjonsverktøy ikkje lengre berre er for dei største produsentane.Redusert overlapping, og dermed redusert maskinslitasje, dieselkostnadar og arbeidstimar er og biverknader av å køyre meir presist i tillegg til rett bruk av innsatsfaktorar.

Moderne hjelpemiddel er og med på å avlaste sjåføren under lange dagar i traktoren.

Lars Gunnar med drone
Lars Gunnar Flatvad er ansvarleg for presisjonslandbruk i Landbruk Nordvest. Ta kontakt med han om du ønskjer å ta opp noko kring dette emnet.

Vi er her for deg

Landbruk Nordvest kan hjelpe alle med spørsmål om presisjonsverktøy, uansett kva presisjonsnivå dei opererer på. Vi kan hjelpe deg med å kome i gang med tilbodet vårt: NLR Oppstartsråd presisjon. Eller om du allereie har utstyr, kan vi hjelpe deg med å utnytte dette betre ved hjelp av for eksempel tildelingsfiler eller planlegging av køyrespor. Dette og alt mellom stiller vi oss disponible på.

Vi tilbyr ikkje berre rådgiving på den digitale fronten, men og på all anna utandørsmekanisering. Treng du hjelp til for eksempel val av ny maskiner eller innstilling av eksisterande utstyr stiller vi opp der og. Vi kan blant anna tilby pløyekurs eller hjelp med innstilling av plogar.

For å få informasjon om rådgivingstilboda våre på maskinteknikk, kan du lese meir om det under våre rådgivingstilbud.

Kva er presisjonslandbruk?