Rasjonell fôrproduksjon i fjellet

19.12.2017 , Ole Jakob Ulberg

Med avlinger på 650 FEm per dekar representerer grovfôrarealet i fjellet ein betydeleg ressurs for mange grovfôrprodusentar. Høge fraktkostnader gjer at ein mellom anna må gjere grep for lykkast med høgt tørrstoffinnhald og god fôrverdi på fjellfôret.

Med 650 FEm per dekar på ein slått, er fjellarealet viktig i grovfôrproduksjonen. FOTO: Ole Jacob Ulberg.

I haustetidsforsøk på to lokalitetar med fire haustetider i 2015 vart det hausta 650 FEm per dekar på ein slått. Dette er like høg avling som mange haustar på heimgarden nedi bygda. Begge felta låg på 915 meter over havet.

For å sette avlingsstørrelsen litt i perspektiv, treng ei vinterfôra søye cirka 1,2 fôreiningar og ei mjølkeku cirka 10 fôreiningar per dag frå grovfôr i innefôringsperioda.

 

God fôreiningskonsentrasjon

Det eine forsøksfeltet var på tredjeårs eng med mykje timotei og raudkløver. Her vart det hausta grovfôr med ein fôreiningskonsentrasjon på 0,87 FEm per kg tørrstoff . I det andre forsøket var det femteårs eng med mykje ugras, men kvaliteten var faktisk 0,85 FEm per kg tørrstoff.

Konklusjonane frå forsøket tydar på at det er god økonomi i å hauste fôret ved ein fôreiningskonsentrasjon på 0,85 FEm per kg tørrstoff. Då vil også avlingsutbyttet rekna i FEm per dekar vere på det høgaste.

Døgngradar kan nyttast som eit verktøy for å avgjere haustetidspunktet. Når vi passerer 500 døgngrader, har vi eit godt middel mellom fôreiningskonsentrasjon og avlingsmengde. 500 døgngrader svarar til to månadars veksttid i fjellet.

Sjølv om avlingane i forsøksfelt ligg ein del høgare enn kva ein opplev som snitt for eige jord, tydar resultata på at det ligg eit betydeleg potensial i fôrproduksjon i fjellet.

 

Kostnadar med fjellfôr

Fraktkostnaden utgjer ein stor del av den totale grovfôrkostnaden for fjellfôret. Difor må ein gjere grep som sikrar mest mogleg fôr i kvar rundball. Jo fleire fôreiningar som blir pakka i ballen, jo rimelegare blir grovfôret. Tabell 1 synar ein oversikt over vekt og tørrstoffinnhald i to forskjellige parti av rundballar.

Legg merke til at rundballane på jorde 2 har dobbelt så høgt tørrstoffinnhald, er 200 kg lettare og har nesten ein tredel fleire fôreiningar. På jorde 1 vart det hausta 103 rundballar. Viss fôret hadde vore dobbelt så tørt, hadde fôret fått plass i 75 rundballar. Pressing, pakking, samankjøyring, frakt og utfôring kunne vore spart på nesten 30 ballar på dette 66 dekar store skiftet.

 

Tabell 1: Oversikt over veide rundballar og fôrprøver på to skifter i august. 

Jorde Middel rundballevekt (kg) Tørrstoff (%) Fôreining/kg tørrstoff (FEm/kg ts) Antall FEm/ball
1 778 33 0,82 212
2 578 62 0,81 292

 

Haustattlegg på fjellet

Attlegg i juni på fjellet blir ofte ikkje langt nok til at det kan haustast med slåmaskin. Tidleg haustattlegg sådd i slutten av juli etter ein tidleg slått gir avling i påfølgande år viss overvintringa går bra. Graset bør vere 10- 15 cm når det er så kaldt at veksten stoppar opp.

 

Tidleg gjødsling

Ein kort vekstsesong gjer at ein må få graset raskt i vekst. Ved å gjødsle så tidleg som mogleg, altså med ein gong det er laglege forhald, vil næringsstoffa ligge klare når veksten startar. Vent med å gjødsle viss det er spådd kraftig regn, slik at fara for avrenning vert redusert.

 

God agronomi

For å få god økonomi fôrdyrking i fjellet, må vi ta omsyn til god agronomi. Det nyttar ikkje same kva ein gjer viss ikkje pH er riktig. Kostnaden på kalking er liten i forhold til avkastninga. På grasjord bør pH ligge over 6,0. Eit rekneeksempel visar at ein treng 500 kg kalk for å heve pH frå 5,6 til 6,2. Kostnaden per dekar for denne kalkmengda ferdig spreidd er på cirka 330 kronar per dekar. Denne kostnaden må fordelast over fleire år.

Dersom jordprøveanalysene synar låge magnesiuminnhald, må du velje ei kalktype som inneheld magnesium. Denne grensa går ved Mg-Al-tall under 8.

Drenering må sjølvsagt være på plass før det er vits i å kalke, sjå Grønt i fokus nr 3 2017 viss du har jord med dreneringsbehov.

 

Alternativ til fôrdyrking i fjellet

Eit alternativ til å dyrke fôr i fjellet, er å kjøpe grovfôr på den opne marknaden. Ein skal vere klar over at man kan vere sårbar for marknadsmessege svingingar i tilbodet, og at prisane vil variere med etterspurnaden.

Ved å produsere fôret sjølv, har man større kontroll på kvaliteten slik at den kan tilpassast produksjonen på garden.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.