Såing under våte forhold

14.02.2020 (Oppdatert: 14.02.2020) Eivind Bergseth

For å komme utpå jorda tidleg nok til å få kornet modent under våte forhold, vart det sådd korn med sentrifugalspreiar våren 2019. Det vart kjørt med 18-24 meter mellom sådraga og nytta lett traktor med tvillinghjul. Denne såmetoda ga brukbar avling der resultatet elles kunne enda med null i utbytte.

Byggåker sådd med sentrifugalspreder. Foto: Ole Jakob Ulberg.

Vi har de seinare åra opplevd fleire vårar at ikkje veret held seg tørt, slik at våronna kan gjerast under forhold der jorda er lagleg. Skal plantene trivast etter at frøa har spira er det viktig at jorda har tørka opp så mye at røtene har tilgang på luft i tillegg til næring og vatn. Jorda har ikkje denne tilstanden før ho har drenert seg så mye etter nedbør eller snøsmelting at det vatnet som er att blir halde på plass av kapillærkreftene i jorda. Det vil seie det nivået som i litteraturen er kalla feltkapasitet. Praktisk forklart er feltkapasitet den tilstanden jorda er i når det slutter å renne vatn ut av grøftene. Vi snakker om laglegheitsterskel, og den seier vi er når jorda har fuktigheitsnivå 85–90 % av feltkapasitet.

Bæreevna på jorda minskar med aukande fuktforhold, men bæreevna aukar med aukande innhald av sand og organisk materiale.

Tunge maskinar - dårlegare drenering

Når vi kjører med tunge maskinar på våt jord, eltar vi saman jordaggregatane. Dette fører til at jorda drenerer seg sjølv svært dårleg, røtene får ikkje moglegheit til å vekse seg nedover i jordprofilet og det opne rommet med grove porer i jordaggregatane blir borte - det blir svært lite luftveksling. Vi får ofte anaerobe forhold, så i tillegg til problema for planterøtene, misser vi også nitrogen via denitrifikasjon til atmosfæren. Denitrifikasjon er omdanning av nitrogenet i jorda til N2O (lystgass) som går over i atmosfæren.

Alt dette vil seie at det blir enda viktigare å ha god grøftetilstand i jord med eit våtare klima. Alle desse momenta resulterer i dårlegare avling.

Såing under våte forhold

Når vi ikkje får tørre forhold, men likevel må så kornet for å få lang nok veksttid fram til modning, er det viktig å få til så lite kjøring og elting av jorda som råd. Det er svært viktig å nytte så lett utstyr som råd, og det bør nyttast tvillinghjul og med så lågt lufttrykk i dekka som mogleg.

På upløgd jord kan det nyttast direktesåmaskin, men dette er tung reiskap.

Mest skånsom såing under våte forhold er å nytte sentrifugalspreiar kopla på traktor med tvillinghjul. For å få rett overlapping av såkorn bør ein ha GPS-utstyr og helst sporstyringsutstyr på traktoren. Med ein god spreiar vil ein da kunne kjøre med 18-24 meter avstand mellom sådraga. Best resultat får ein om ein etterpå kan kjøre over med ei lett og brei ugrasharv slik at ein får god jordkontakt for frøa. Når det seinare tørker opp, kan ein tromle om ein ser behov for det.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.