Sommarfornying av enga

03.07.2020 (Oppdatert: 03.07.2020) Oddbjørn Kval-Engstad

Vi kan fornye enga med godt resultat store delar av vekstsesongen. For ein del vil det høve best å ta fornyinga etter fyrsteslåtten, anten godt og nok vårbeite har høgaste prioritet eller jorda er meir bæresterk og lageleg for jordarbeid utpå sommaren.

Direktesådd sommarattlegg på brakka eng i Gudbrandsdalen. Foto: Oddbjørn Kval-Engstad

Full fornying

Når vi snakkar om sommarfornying av enga, meiner vi i regelen full fornying, ikkje isåing/reparasjonssåing i grasmarka.  Sjølv om det kan finnast unntak, har oftast isåing i veksande grasmark om sommaren vore mislukka. Ein viktig grunn til dette er rett og slett konkurransen frå plantene som allereie veks på plassen. Dei har store fordelar, med etablert rotsystem og naturleg rask gjenvekst etter slåtten. Eit anna problem er ”strøsjiktet” vi ofte har i gamal eng, som gjer at frøet kan verta liggjande utan jordkontakt og spireråme. Størst sjanse for å få tilslag med isåing har vi truleg i beiteareal, der dyra hjelper oss å gje frøet jordkontakt samstundes som dei held eldre planter nede. Beitepussar har vore prøvd på slåttemark, men ikkje gjeve vesentleg betre tilslag.

Start med blanke ark

Vi må altså starte med ”blanke ark”, anten med pløying eller med god brakking av enga. Deretter ei vanleg god jordarbeiding for å få jamn overflate og høveleg sådjupne. Harve ikkje meir enn akkurat nødvendig – det er lett å tørke ut toppsjiktet der frøet skal ligge. Det er sett gode resultat med direktesåing på brakka areal, særleg der graset vart pussa av før såing. Då har ikkje såutstyret vore avgjerande, så lenge frøet har fått spireråme og jordkontakt. Forsøk med nedsprøyting av den gamle enga og såing same/etterfølgjande dag har gjeve dårleg resultat, truleg mykje fordi graset ikkje vart avpussa etterpå. Ved fornying i løpet av juli har vi tid til å vente 1-2 veker på god verknad av brakkinga for å få godt tilslag på såinga.

Lettare ugraskamp ?

Ein av fordelane med sommarfornying er at mange ugras spirer dårlegare om sommaren. Dei små engfrøspirene får altså mindre konkurranse om plassen, og den nye enga kan få ein god start. Er du tidleg ute med brakking/pløying, kan du kanskje óg koste på deg ei ekstra harving for å ta noko ugrasfrø. Følg likevel med og vær klar for ugraskamp på ettersommaren – nokre ugras kan rekke å ta kvelartak på engplantene før vinteren.

Såing i juli eller august

Di tidlegare du sår, di betre vil den nye enga vera etablert og greie seg gjennom vinteren.  Plantene bør vera 10-15 cm før vinteren. Får du sådd tidleg i juli og vi får godt veksevær med varme i september, kan det verta snakk om ei avpussing før vinteren, men det er meir unntaket enn regelen.  Særleg om du satsar på kløveren i frøblandinga, er det viktig at du får sådd (og frøet spirer) tidleg. Då må du så i juli, helst fyrste halvdel. Forsøka har elles vist at strågrasa (timotei, bladfaks) tåler etter måten sein såing betre enn bladgras (engsvingel, hundegras). Timotei kan du såleis så innimot midten av august, medan engsvingelen bør vera sådd på juli. Når det gjeld fleirårig raigras har vi lite erfaring, men må rekne med store skilnadar mellom sortane. Truleg kan vi så tidlege slåttesortar seinare enn seine beitesortar, men ingen av dei så seint som timotei. Strandsvingel og raisvingelsortane Hykor og Felina har vi sett har vore seine i etableringa frå våren. Dei må truleg såast etter måten tidleg i juli.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.