Snørik Midt-Gudbrandsdal i mars - flomfare ?

09.03.2018 (Oppdatert: 23.03.2018) , Eivind Bergseth

Pr. dags dato er det mye snø både i fjellet og nede i bygda i dette området. Det blir vurdert til å vere 50 % meir enn normalen i fjellet og nede i bygda er det svært mange år sidan snømengdene har vore så store.

Nok snø nå!

Ei  av årsakene er at det har nesten ikkje vore mildvær denne vinteren, slik at snøen ligg urørt. Dei store og  tidlege snømengdene har ført til at det er ikkje tele i jorda i fjellet. Dette gir gode vilkår for overvintringssoppane som angrip gras. Mest vanleg hos oss finn vi snømugg, men med langvarig snødekke vil både trådkølle og stor grasknollsopp kunne gi skade. Om dette slår til, får vi svaret på når snøen forsvinn og graset skal  vakne til liv.

Nede i bygda er det berre  eit tynt lag tele der snøen ligg urørt. Under vegar og oppbrøyta plassar gjekk telen langt ned på dei kalde dagane vi hadde for kort tid sidan da temperaturen låg mellom -20 og -30 grader celsius.

Med dei snømengdene vi har, får vi håpe på tidleg start på smeltinga og at den vil gå  langsamt, for elles kan vi  få store skadar frå  bekkar og elver som flyt utover  breiddene sine.

Bilde: Fra flommen i Gudbrandslågen 2011, da elva gikk langt over sine bredder.

For å vere føre var for å unngå skadar på både jord og hus, er det viktig å sjekke at  vatnet finn veg der det skal. Det er særleg viktig å sjekke område der ein har erfaring for at det kjem mye vårvatn.

Det er stor risiko for oppdemming av snø og vatn i små bekkar der tre og jord har rasa ut i bekkefaret  og stenger for vatnet. Viss ikkje slike oppdemmingar blir reinska opp, vil vatnet kunne kome inn på jordet eller mot hus og gjere skade. Særleg på open åker vil sjølv slike små bekkar kunne lage store erosjonsgrøfter og føre bort mykje jord. Der ein veit at slik erosjon er stort problem bør jorda ligge upløygd til etter snøsmeltinga, eller at det blir grove flomgrøfter som leder vatnet ut frå arealet. Slike  grøfter må gravast med lite fall for å hindre at vatnet får stor energi til å grave.

Avskjæringsgrøfter og  avløp bør vere reinska opp frå hausten, men når dette ikkje er gjort og ein  frykter for flaumvassføring, vil det vere godt førebyggande tiltak å få grove ut snø og is frå desse grøftene før smeltinga tar til.

Vidare er  det viktig å sjå etter at innlaup og utløp til bekkar som er lagt i rør og er opne slik at vatnet finn vegen dit det skal.

Likeins er det viktig å fjerne snøen i veggrøfter og kontrollere at stikkrenner er opne. Hvis ikkje dette er gjort kan vatnet ta nye vegar og også føre til skader hos nedanforliggande nabo, og ein kan sjølv bli erstatningspliktig.

Når vårløysinga tar til for alvor og værprognosene tilseier stor vassføring, bør ein halde seg heime  og følgje med. Da bør ein ha rådd seg på med nødvendig reiskap alt etter forholda, enten det er spade og hakke eller gravemaskin. Da kan ein greie å lede vatn på avvegar dit det skal utan  at skadar oppstår.

Bilde: Eivind Bergseth synfarer graveskader etter flommen i 2011. 

Ein liten "parentes": Måling av teledybde på Kise målestasjon, på Nes i Ringsaker, viser snødybde på 74 cm og teledybde på 13 cm.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.