Noen prinsipp for vatning

03.07.2017 (Oppdatert: 03.07.2017) ,  Eivind Bergseth

Det er mykje ein skal tenkje på når vatninga skal settast i gang.

Ein må starte vatninga tidlig nok, slik at ikkje plantene tek skade. FOTO: Åsmund Langeland

Her tek vi før oss noke av dei viktigaste prinsippa for vatning. 

 

  • Sjekk at anlegget er i orden før sesongen tek til. Ofte blir det vanskeleg å få reservedelar etter at fellesferien tek til (særleg delar frå Austerike og Italia).
  • Start vatninga før det blir for tørt. Elles rekk ein ikkje over før plantene tek skade. 
  • På lette jordartar (sandjord) må ein vatne ofte og lite. Slik jord har ikkje lagerkapasitet for mykje vatn og difor vil store mengder om gongen berre føre til utvasking av gjødsel og næringsemne. 15-20 millimeter om gongen vil vere nok, men ved stort vassforbruk, dvs. stor fordamping, må ein vatne på nytt att alt etter fire - fem dagar. 
  • Tyngre jordartar kan ta i mot og halde på mykje meir vatn. Det er likevel ikkje grunn til å gje meir enn 30 - 40 millimeter om gongen. Dette har med både utvaskingsfare og med kapasitet for å kome rundt alle stader ein når med vatningsanlegget før det blir for tørt der det har gått lengst tid frå førre vatning. 
  • Blir kapasiteten på anlegget for liten, må ein prioritere dei jordene som gir mest att for vatning. 
  • Ein praktisk regel er at ein skal vatne når halvparten av det nyttbare vatnet i jorda er brukt opp. Det bør setjast opp ei vassregnskap der det blir teke omsyn til nyttbart vatn i jorda, fordamping og nedbør blir målt, og ein reknar seg fram når ein må vatne. Sjå regneeksempelet i sidekolonnen. 

 

  • Til korn bør ein ikkje starte vatning så tidleg at ikkje røtene søker nedover i profilet, men ein må heller ikkje vente slik at plantene tek skade. 50 prosent-regelen på nyttbart vatn i jorda gjeld her. 
  • Kornet er særleg utsett for redusert busking tre til seks veker etter spiring viss det blir for tørt. Ved skyting og seinare ved mating i kornet er det svært viktig for avlinga at vasstilgangen er god. Det bør vatnes til etter begynnande gulning. 

 

  • Eng og beiter vil ha jamn vasstilgang heile vekstsesongen. Fordampinga er dobbelt så stor før hausting i ei god avling som frå hausting og eit par veker utover ti veksten har tatt seg opp at. Ved bruk av møkk på eng er det ein fordel å vatne i samband med spreiing. 

 

  • Potet bør vatnes før begynnande knollsetting viss det er tørt. Det er vidare viktig med god og jamn vasstilgang heile vekstsesongen for å hindre vekststopp eller skader som sprekkar og/eller kolv. Vatning vil og hjelpe mot flatskurv. 

Regneeksempel på vatning

Tørkesvak jord: 70 millimeter nyttbart vatn i profilet. 

Fordamping 3,5 millimeter per dag (oppmot 7 millimeter ved tett vegetasjon, mye sol og vind)

Ikkje regn = 0 millimeter. 

 

Det vil si etter ti dagar har det i middel fordampa 35 millimeter og det er halvparten av det nyttbare vatnet.
Tid for vatning!