Små vatningsanlegg duger

17.06.2020 (Oppdatert: 17.06.2020) Ole Jakob Ulberg

Du treng ikkje å ha tilgang på vatn ifrå mai til september for å investere og etablere vatningsanlegg. Ein betydeleg del av avlingsgrunnlaget blir lagt på forsommaren i gras og korn. Sjøl små og enkle anlegg kan utgjere ein stor skilnad.

Bildet viser en enkel inntaksdam fra en bekk. Legg merke til kor liten bekken er. FOTO: Ole Jakob Ulberg

Saka er fyrste gong publisert i Grønt i fokus nr. 2 2020. 

 

Det optimale er å finne ei vasskjelde som ligg høgare enn jorda som skal vatnast. Da kan ein få det vi kallar trykkvatn (vatn med nok trykk til at det spreies langt) inn på spreiaren. Vasskjelda kan være oppsamlingsdam for regnvatn og overflatevatn, vassoppkomne, myrtjern, bekk, elv, vatn eller ei kombinasjon av desse. «Mange bekker små blir ei stor elv». For å samle desse vasskjeldene kan ein bruke vasslangar, det er enklare enn å grave.

Nest optimale er å finne ei vasskjelde som er omtrent på høgde med jorda du skal vatne. Då må du bruke ei pumpe, men det er relativt låge straumrekningar på slike anlegg. Ligg vasskjelda mange høgdemeter lågare enn jorda kan straumrekningane være betydelege. Då det var statstilskot for vatningsanlegg blei mange anlegg bygd der vasskjelda ligg nedanfor alle jordene i botn av ein dal. Ingen visste at straumprisane skulle bli så høge at det ikkje blei økonomisk forsvarleg å vatne med somme anlegg. Mens anlegga som blei anlagt før straumen kom, brukast den dag i dag. Derfor er det så viktig å lage et anlegg der vasskjelda er over eller på høgde med jorda, ikkje under.

 

Kor stort er arealet som skal vatnast?

Det er ikkje sikkert man fer vatna så mykje som ein skulle ønske, men alle dekar hjelper. Om ein så berre fer vatna eit jorde kan man vertfall vera trygg på at på det jorde får ein god avling i normale tørkeår. Nabosamarbeid er dempar på investeringskostnadene og det er godt å være fleire til å dele på vedlikehald og ettersyn. Ei vatningsavtale er ryddig, forutsigbart og generelt godt å ha ved et slikt samarbeid. Når arealet som skal vatnast er bestemt, bereknast pumpe og røyrdimensjon etter det. Vatnings- firma driv med berekningar til daglegdags og er gode på det.

 

Praktiske moment

Eit vatningsanlegg må kunne tømmast før vinteren kjem viss ikkje frys det sund der det blir ståande vatn. På plasser der det kan bli ståande vatn må det setjast opp tappe punkt på det lågaste punktet. Over kuler og haugar må det setjast opp lufteventilar fordi når vasslangen står utan vann i blir den full av luft. Når vatnet slepp inn i slangen og presser ut lufta i den nedre enden, vil det danast luftbobler som blir sitjande bom fast over kuler og haugar. Noko vatn kan komme forbi luftboblene, men vassmengda og trykket vil være redusert. En ventil som kan opnast på kulen vil sleppe ut lufta og problemet er løyst.

Der tilførselslangen går i bråe svingar må det støypast eller polstrast med stein for at slangen ikkje skal flytte seg utover. Vi har sett eksempel på der vasslangen klemmer seg inn i jordbakken over tid og da ryker nærmaste kopling etter kvart.

Når du har fått vatnet ned til jordet, må det fordelast utover langs kanten av jorde slik så du får vatna heile bredda av jordet. Fordelinga utover jordene kan skje på to måtar, overflateslangar eller nedgrave. Slangar som leggjast ovanpå bakken kan liggje der permanent eller at du køyrer dei ut og inn vår og haust. Dette er ei rimeleg løysing og det er ikkje store arbeidet å køyre ut og inn slangar. Nedgrave slangar er ikkje i vegen for noko, einaste hydranten som kan være det. Det er ei dyrare løysning og meir arbeidskrevjande å etablere, men først etablert er det veldig snøgt å bruke. Skal du ha hydrantar bør disse plasserast så det blir stutt veg til maskina og er minst mogleg i vegen.

Fortsettelse frå bildet på venstre side, vatnet kjem frå inntaksdammen over i ei tønne og går ut att i røyr for unngå luft i røyret.

 

Pumpehus og inntaksdammar

Pumpehuset må stå så høgt att det er flaumsikkert, pumpa bør kunne hevast og senkast i tilfelle flaum og låg vasstand. Når ein skal avslutte vatninga og pumpa skrues av, vil vatnet komme i retur i ei betydeleg hastigheit som kan øydeleggje botnventilen. For å unngå dette setjast det inn en tilbakeslagsventil som stengjer for vatnet.

Inntaksdammar kan lages for hand eller gravemaskin avhengig av kor stort anlegget skal være. I inntaksdammen bør det helst vera stille vatn så sedimenta og planterestar søkk på botn og ikkje tettar inntaksrøra. På inntaksrøra må det være ein sil som hindre at sediment og planterestar kjem inn i røyra, silen bør helst ha stor overflate og volum for å hindre tetting og den må reinskast ofte. For å unngå att det kjem inn luft i sjøltrykksanlegg bør vatnet etter inntaksdammen gå over i ein form for behaldar. For eksempel 1000L dunk, 200L tønne eller liknande, også feste på vasslange ut frå behaldaren att. Ikkje ha utløpet i toppen eller botn av behaldaren men nokolunde midt i for å unngå framandelement kjem inn i røyra, her og må det vera sil.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.