Vedlikehald av vatningsutstyr

03.07.2017 (Oppdatert: 03.07.2017) ,  Eivind Bergseth

Vi tek for oss dei viktigaste punkta for vedlikehald av vatningsanlegget.

Sett av tid til å vedlikehalde vatningsutstyret før sesongen tek til. FOTO: Åsmund Langeland

Vedlikehald av pumper og motor

  • Smøring av lager
  • Sjekke / skifte olje der akseldrev ligg i oljebad
  • Sjekk / skifte lager
  • Reinhald av pumpehjul (grus, gras, mose etc)
  • Sjekke at el-styringer virker: pressostat, motorvern, temperaturfølar etc. 

 

Vedlikehald av vatningsmaskin

  • Smøring
  • Tette lekkasjer
  • Gir / drev
    • Kontroller om det er slark i lager / fôringer
    • Skift olje, smør lager
  • Innspoling
    • Sjekk at innspolinga går rett, vender ved endeveggen på trommelen og at slangen legg seg fint. 
  • Turbin
    • Sjekk at turbinen går lett og at det ikkje er slark i lagra. Eventuelt skift lager.
    • Reinsk turbinhjulet for grus og ureinske. Turbinhuset må da opnast. 
  • Bremse
    • Sjekk at bremsen virkar. Skift eventuelt bremseband. Utan bremse blir slangen ugrei ved utdraging av slangen. 
  • Stoppmekanisme
    • Prøvekjør stoppmekanismen på maskina slik at ein er sikker på at både vatnet blir stengt av og at inndraginga stopper når spreiaren kjem inn til maskina. 
  • Manometer
    • Kontroller at dette fungerer
  • Spreder / vendemekanisme
    • Sjekk at vendemekanismen på sjølve spreiaren er rett innstilt
    • Bruk rett dyse i forhold til ønska vassmengde og vasstrykk ein har.
    • Kontroller mängda ved å sette ut vassmålar
  • Dreiekrans
    • Reinsk og smør dreiekransen slik at det er lett å dreie maskina i rett retning. 
  • Parkeringsstøtter

 

Kontroll av rørsystem

  • Start opp i god tid før vatningssesong
  • Sjekke at det ikkje er lekkasjar
  • Sjå etter at kranene går lett

 

På nyare maskinar har ein datautstyr for regulering av vassmengder langs heile uttrekket. Pass på at dette er i orden ved oppstart.