Hans Gaffke frå NLR Øst, som hadde Marknadshagekkurs på Teams i vinter, blir med på markvandringa og gir gode råd om korleis ein kan lykkast med dyrkinga.


Program

Kl 16.00: Hos Eirik Høyme Rogn, Lundsmarka 1, 2975 Vang i Valdres.

Dette er eit nystarta samarbeid med Vinjerock og Lund arbeidsbase om drivhusproduksjon, frilandsgrønsaker og kompostering. Vi får servert ein rett med ingrediensar frå grønsakhagen.

Kl 17.15: Hos Vida Timinskiene, Hensåsvegen 197, 2975 Vang i Valdres.

Her er det tomatdyrking i robuste drivhus og ein kjøkenhage.

Kl 18.00: Hos Susanne Kjeldsen, Ellestadvegen 197, 2967 Lomen.

Her er det ein allsidig grønsakshage som Susanne dyrkar etter økologiske prinsipp.


Arrangementet er støtta med fjellandbruksmidlar frå Statsforvaltaren i Innlandet. Påmelding til magnhild.strand@nlr.no innan 8. august.

Velkommen!

DSC 0605
Bli med på markdag og få inspirasjon. Foto: Magnhild Strand