Onsdag 20. september kl. 11.00 i Hensraudalen.
Oppmøte ved Slettefjellbommen på Beito-sida.
Bjørn Olav Søndrol har ammekyrne sine på beite her. Dei går både på innmark og utmark. Vi vil sjå på korleis ryddetiltak forbetrar beitet, og korleis vi kan få fram dei beste beiteplantene.
- Kristin Daugstad frå NIBIO og Magnhild Strand frå NLR Innlandet vil snakke om beitekvalitet
- Tone Snortheim frå Øystre Slidre kommune og representant frå Vang kommune vil snakke om organisering av ryddetiltak og moglegheiter for SMIL-støtte
Det blir servert ein enkel kopp kaffi. Ta på gode klede. Vel møtt!

Markdagen er støtta med Klima- og miljømidlar frå Statsforvaltaren i Innlandet