Vi inviterer til fagdag om husdyrgjødsel på Segalstad Bru, Gausdal

19.01.2016 (Oppdatert: 22.06.2016) ,  Erik Aaberg | Nyhet

Møtet vert i Kommunehuset, torsdag 28. jan. kl 10.30 - 14.30, inngang ved kafèen.

Vi har fått med oss Jan Karstein Henriksen frå NLR Agder. Han har bl.a. vore sterkt engasjert i å utvikle eit økonomiprogram for husdyrgjødselbruk. På møtet vil du få ei god fagleg oppdatering og gjennomgang av aktuelle problemstillingar ved bruk og handtering av husdyrgjødsel:

 

  • Faktorar som bestemmer næringsverdi, t.d. vassinnblanding, spreietid og -metode.
  • Utstyr, dekk og hjulutrustning.
  • Klimabelastning ved ulike løysingar.
  • Økonomi med vassinnblanding og investering i stripespreiar eller slangespreiarsystem.
  • Resultat frå forsøk med spreiemetodar og –tidspunkt på eng.
  • Økonomi og viktige tilpassingar ved lange transportavstandar.
  • For liten lagerkapasitet. Kva er økonomien i alternative løysingar?
  • Optimal handtering ved heime- og bortelager, logistikk etc.

 

Vi har også invitert 3 lokale entreprenørar som driv med transport og spreiing. Desse får 5-10 min. kvar til å presentere tenestene sine.

På grunn av servering må vi ha påmelding innan tysdag 26/1.
Send sms med namn til mobil 913 19 457 eller e-post til randi.jarstad@nlr.no

Møtet kostar kr 100 for medlemer i NLR Innlandet og kr 200 for ikkje-medlemer.

Arrangementet vert støtta av Landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Oppland