
Fagområde husdyrgjødsel fengjer framleis mange i Lillehammer-regionen. Rundt 60 personar fylte kommunestyresalen på Segalstad Bru i Gausdal for å høyre Jan Karstein Henriksen frå NLR Agder.
Ein engasjert fordragshaldar presenterte interessante resultat og løysingar for bl.a. spreiemetodar, transport-avstandar og satelittlager. Slike vurderingar er høgst aktuelle for mange bønder, ikkje minst når jordleige slår om seg. Tilbakemeldingar tyder på at programmet greidde å setje fokus på viktige problemstillingar som den enkelte kan ta med i vurderingane sine der det er aktuelt.
Lokale entreprenørar innan transport og spreiing hadde ei kort presentasjonsrunde om kva tenester dei kunne tilby.
Du kan lese/laste ned Henriksen sitt foredrag under Fagartiklar, etter pålogging.
Norsk Landbruksrådgiving Innlandet
Blæstad, Høyvangvegen 40, 2322 Ridabu
Telefon: 625 50 250
E-post: innlandet@nlr.no
Org.nummer: 960476573