NLR Innlandet inviterer til sauekurs i samarbeid med lokallag av Norsk Sau og Geit. Kursa starter med markdagar om haustbeite i Vågå, Lillehammer og Vinstra 20. og 21. september. Sauebonde og rådgjevar i NLR Trøndelag Torhild Svisdal Mjøen er fagleg hovudperson på alle desse markdagane.
I samarbeid med lokallag av NSG inviterer Norsk Landbruksrådgiving Innlandet til sauekurs haust og vinter 2017-18. Kurset startar med ein markdag og så følgjer to samlingar; ei i november og ei før lamming til våren. Kursstader er Vågå, Vinstra og Lillehammer.
Markdag med tema haustbeite. Korleis utnytte beita best mogleg, aktuelle vekster i tillegg til hå- og kulturbeiter. NSG i Nord-Fron vil gje ei kort innføring i haldvurdering av slaktelam på samlinga på Vinstra. Sauebonde og rådgjevar i NLR Trøndelag, Torhild Svisdal Mjøen frå Oppdal, vert med på alle markdagane.
Alle kursdeltakarar blir oppmoda til å ta ut fôrprøver og vege rundballar. Analyseresultata blir så tolka og vil gje eit grunnlag for fôrplanlegging. Vi vil også sjå om gjødslinga i sesongen 2017 er innafor norm. Moglegheit for utarbeiding av fôrplaner til dei som ynskjer. Fôringsstrategiar i ulike grupper blir og tema.
Val av frøblandingar, såing, gjødsling og kalking. Haustetid for ønska kvalitet. Vårbeite, stell av beite. Plantevern for meir og betre grovfôr. Fôring frå lamming til beiteslepp. Plan for haustbeite, hå, raigras eller raps. Overgangsfôring, kopplamfôring m.m.
Kurs Vågå: Sigurd Eggen, sigurd.eggen@nlr.no, tlf 922 41 345
Kurs Vinstra: Ole Jokob Ulberg, ole.jakob.ulberg@nlr.no, tlf 951 43 626
Kurs Lillehammer: Franz Anders Bakken, fab@nlr.no, tlf 950 05 592
Pris kr 200,- pr møte for samling 2 og 3.
Alle er velkomne!
PS! Du kan kome på markdagen utan å binde deg til kursdeltaking!
Norsk Landbruksrådgiving Innlandet
Blæstad, Høyvangvegen 40, 2322 Ridabu
Telefon: 625 50 250
E-post: innlandet@nlr.no
Org.nummer: 960476573