Utmarksbeite er bra for klimaet

30.10.2017 (Oppdatert: 30.10.2017) ,  Magnhild Strand | Nyhet

– Ei ku som beitar i utmark er klimanøytral på ein god dag, seier Gustav Fystro, jordbrukssjef i Øystre Slidre og tidlegare NIBIO-forskar. Ved å endre måten vi produserer å, er det mulig å redusere utsleppa av metan og lystgass.

Ei ku som går på utmarksbeite og som beitar metanskapande vekster får eit myrområde, kan ha eit veldig gunstig klimagassrekneskap. FOTO: Magnhild Strand

Dersom kyrne går på utmarksbeite og et metanskapande vekstar frå myrområde, vil dei hjelpe til med å fjerne metan som er i naturen.

Mykje av klimagassutsleppa i norsk jordbruk kjem frå husdyrproduksjonen, anten direkte frå dyra eller indirekte frå fôrproduksjonen. Aller mest utslepp er det frå storfe og sau. Det skuldast i stor grad at drøvtyggjarane et grovfôr, og at husdyrmagen skil ut metan. Metan er ein klimagass som er 25 gonger sterkare enn CO2

Det blir utslepp av lystgass ved produksjon av fôr til dyra. Utsleppa kjem frå framstilling og bruk av kunstgjødsel og frå lagring og bruk av husdyrgjødsel. Avrenning og visning av planterestar gjev også lystgassutslepp. Lystgass er 298 gonger sterkare enn CO2

– Storfekjøt har på mange måtar blitt klimaverstingen i diskusjonen om utsleppskutt frå jordbruket. Korleis kan du klare å få kua til å bli klimanøytral, Fystro?

 

Utmarksbeite og lystgass

– På utmarksbeite blir det ikkje lyst-
gassutslepp som følgje av fôrproduksjon, slik som frå nitrogen i kunstgjødsel. Det vil vere nitrogenstress (mangel på nitrogen i jorda), og det dreg i retning av mindre lystgassutslepp frå husdyrgjødsel som blir sleppt på beite. Ved beiting i utmark fjernar dyra planterestar, noko som også fører til mindre lystgassutslepp, forklarar Fystro.

 

Utmarksbeite og metan

– Beitegras som er hausta på eit tidleg utviklingssteg gjev lågare metanutslepp frå dyra enn fôring med grovfôr hausta på eit seinare utviklingssteg, seier Fystro vidare. 

– Det er bra med tidleg beiteslepp, det gjev fôr med høgt energiinnhald og lite utslepp. Sein sanking derimot er mindre bra. 

Det kjem også noko metanutslepp frå husdyrgjødsel. God tilgang på luft reduserer slike utslepp på beite.

 

LES OGSÅ: Kretsløpstolken motiverer til klimakutt

 

Metan frå myr

Det er når storfe beitar myrplanter, at vi kan kome fram til den gunstigaste klimarekneskapen. 

Ei vassmetta myr gjev store klimagassutslepp når plantemateriale visnar. Det er mangelfulle målingar av utslepp frå myr under våre klimaforhold, men det er grunn til å tru at opp mot 90 prosent av metanutsleppa frå myr stammer frå siste års plantevekst som rotnar. Når kua beitar desse plantene, svitsjar ho metan frå myra til metan frå vomma. Slik kan ei ku som beitar i myrlendt terreng bli klimanøytral, seier Fystro.

 

Positiv mottaking

– Du var på nyheitssendinga for NRK Hedmark og Oppland med desse utrekningane. Du har også presentert stoffet på eit seminar her i Valdres. Korleis blir bodskapen om at ei ku som beitar i utmarka kan vere klimanøytral, motteke? 

– Eg har fått nokre tilbakemeldingar, seier Fystro, og alle er positive.

– Andre fagfolk meiner at dette kan vere eit riktig reknestykke. Vi veit nokså lite om dei eksakte utsleppa under ulike forhold, men det er klart at vi kan redusere utsleppa mykje gjennom å optimalisere produksjonsforholda. Rett bruk av utmarksbeite er opplagt ein slik faktor som kan redusere utsleppa.

– Eg trur at vi skal kunne påvise at beiting på denne type utmarksareal kjem bra ut. Kjøt som er produsert på utmarksareal kan ha ein gunstig rekneskap for klimagassar, så det bør bli ei merkevare, avsluttar han.

Utmarksbeite og klimagassar

Produksjon av fôr i utmark gjev ikkje klimagassutslepp, slik som produksjon av grovfôr på innmark (frå gjødsel, andre innsatsfaktorer, maskiner og diesel). 

Beite på myrlendt areal reduserer metanutslipp frå myr/forsumpa areal. 

Tidleg beiteslepp er viktig. Det gjev fôr med låge klimagassutslepp og god produksjon. Godt haustbeite er også viktig for produksjon og klima. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.