Betaler for biorestlager

19.01.2018 (Oppdatert: 16.02.2018) ,  Morten Berntsen | Nyhet

Mjøsanlegget AS tilbyr no økonomisk godtgjersle til dei som kan stille lager til disposisjon. Betalinga vil vere 15 kroner per kubikkmeter fram til april. Transport frå anlegget vil vere gratis i heile NLR Innlandet sitt område.

Biorest er eit billig og godt gjødselalternativ i både korn og eng. FOTO: Åsmund Langeland.

Biorest er ei tyntflytande organisk gjødsel med rundt 3,5 prosent tørrstoff. Ho har vorte nytta som gjødsel i landbruket i om lag ti år. 

– Næringsinnhaldet kan samanliknast med Fullgjødsel 22-3-10 eller 22-2-12. Forsøk synar at biorest er ei god gjødselvare der nitrogenverknad ligg nær opp til mineralgjødsel. Ein kombinasjon av biorest og mineralgjødsling vil sikre vekstane mot svovelmangel, seier Randi Jarstad, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet. 

Ho oppmodar no bønder med ledig lagerkapasitet til å melde si interesse for biorest. 

– Med ei godtgjersle på 15 kr per kubikkmeter og gratis transport til lageret, vil dette vere eit billig og godt gjødselalternativ for mange bønder, supplerer Jarstad.

 

LES MEIR: Benytt billig biogjødsel (Grønt i fokus nr. 1 – 2017, side 38)

 

Eit godt gjødselalternativ

Innhaldet av hovudnæringsemner vil naturleg variere noko med råstoffet, men vil i mange høve likne fordelinga i Fullgjødsel 22-3-10. 

– Analyseresultat av prøver siste året viser at det var ammoniumnitrogen-innhaldet som varierte minst. Innhaldet er cirka 2,4 kg per tonn, og det er denne som bestemmer gjødselverdien av bioresten, seier rådgjevaren. 

– Det er ei næringsrik gjødselvare med gode spreieeigenskapar og den eignar seg både for spreiing som rein vare og tilsetning som blandevatn på husdyrgardar for å tynne ut møkka, seier Jarstad. 

 

Ikkje øko-alternativ

Derimot er diverre ikkje biorest frå Mjøsanlegget eit alternativ i økologisk produksjon. Rådgivere i NLR Innlandet har den siste tida jobba hardt for å få ei avklaring på bruken av biorest hos økologiske dyrkere. 

– Mjøsanlegget tar i mot ein del varer frå storhusholdning, næringsmiddelindustri og varehandel. Dette sorterer under såkalla kategori 3-avfall. Det er dette som sperrer for bruken i økologisk produksjon, forklarar Franz Anders Bakken, rådgjevar i NLR Innlandet. 

Han kan videre fortelle at anlegget vurderer denne typen råvare som ganske viktig for den biologiske prosessen ved gassproduksjon. 

– Vi har per nå ikkje motteke analyseresultat av tungmetallinnhaldet i bioresten frå Mjøsanlegget. Uavhengeg av desse resultatene, er ikkje bioresten aktuell for økologisk bruk, seier Bakken. 

 

Utvida produksjon

Mjøsanlegget AS på Roverudmyra ved Lillehammer, produserer biogass og biorest der organisk hushaldningsavfall frå rundt 250 000 innbyggjarar i Oppland og Hedmark utgjer hovudtyngda av råvarene i produksjonen.  

Etter at Mjøsanlegget bygde nytt og større produksjonslokale for biogass i 2016, auka også produksjonen av biorest. Bedrifta har ikkje tilstrekkeleg lagerkapasitet sjølve og er difor avhengig av kontinuerlig uttransport også gjennom vinteren. Det er i dag prekær mangel på tilgjengelege lager for biorest ute på gardsbruk så NLR Innlandet har inngått eit samarbeid med bedrifta og håper at den store kontaktflata vi har i næringa i innlandet, skal resultere i at vi får kontakt med alle som kan tenke seg å ta imot. Her snakkar vi om alt frå eit billass på 20 kubikkmeter og oppover.

 

Formidling

Er det aktuelt for deg å ta i mot små eller større mengder biorest, så er det berre å ta kontakt med rådgjevarane på Lillehammer-kontoret. Dei er berre ein telefon unna. Ta kontakt med dei også om du har spørsmål om denne gjødselvara. 

– Vi organiserer og formidlar kontakt med Mjøsanlegget, seier Randi Jarstad. 

 

 

Kontaktinformasjon

Randi Jarstad

913 19 457

randi.jarstad@nlr.no

 

Franz Anders Bakken

950 05 592

fab@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.