Kurs i ysting på stølen

27.06.2018 (Oppdatert: 27.06.2018) ,  Morten Berntsen | Nyhet

Har du lyst til å lære om mjølking, ysting og biologisk mangfald? NLR Innlandet held kurs med nett desse tema i haust.

No kan du lære å yste. FOTO: Magnhild Strand

– Kurset er eit tilbod til bønder og andre som ynskjer å lære om ysting på tradisjonelt vis på stølen, seier Magnhild Strand, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet og arrangør av kurset. 

Med seg på laget har Strand fått Kathrin H. Aslaksby som foredragsholdar. Ho stillar støl, buskap og ystefasilitetar til rådighet 24. og 25. august. 

– Det skal undervisast i korleis dyr beitar, korleis beitevekstane påverkar mjølka, og korleis beitinga pregar det biologiske mangfaldet rundt stølen. Økologisk drift og berekraftig bruk av naturressursar vil også vere tema på kurset, supplerer Strand. 

 

Mangfaldig støl og program

Kathrin H. og Thomas Aslaksby driv Olestølen, som ligg 1000 meter over havet i Øystre Slidre. I det mobile ysteriet, Olestølen Mikroysteri, foredlar paret all mjølka frå dei 40 geitene. I tillegg har dei med fem hestar, fire ender, tre grisar og to katter til stølen. 

– Her lager dei kvit og brun geitost, salatost, ferskost, modna kremost, syrna mjølk, smør, rømme frå geitmjølk og yoghurt, forklarer Magnhild Strand. 

No kan du også lære deg dette. På kurset vil ein vere innom følgande tema:

  • Ysting av kvit (geit)ost i vedfyrt jerngryte
  • Koking av brunost
  • Teori om mjølkas biologi og ysting av rå (upasteurisert) mjølk, Mattilsynets krav, moglegheit for foredlingskvote med vidare. 
  • Litt teori om mikroorganismar i ost og økologisk hygiene.
  • Botanisk vandring – kulturlandskap, beiting og biologisk mangfald. 
  • Mjølking og stell av dyra, reinhaldsrutiner.
  • Separering av mjølk og syrning til rømme.
  • Salting av kvitost, litt om lagring
  • Kinning av smør, vasking og salting
  • Teori og oppsummering

 

– Vi håper mange finn kurset interessant og meldar seg på, seier Magnhild Strand. 

 

Påmelding gjeres til: 

Magnhild Strand: magnhild.strand@nlr.no eller 934 52 532 innan 6. august. 

 

Kathrin Aslaksby

er utdanna naturforvaltar og har jobba med biologisk mangfald som miljøvernleiar , som oppsyn og naturrettleiar i Statens naturoppsyn. Ho har også pedagogisk bakgrunn og har utarbeida undervisningsopplegg knytt til biologisk mangfald, uteskule og tradisjonell bruk av naturressursar. Kathrin held kurs i ysting for landbruksskuler og for privatpersonar på kjøkenbenken. Saman med Thomas har Kathrin også halde kurs knytt til stølsopplevingar på Olestølen.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.