
Med særleg søkelys på rekrutteringa i fjellbygdene dreg NLR Innlandet i gang ein kursserie retta mot nye gardbrukarar. Etter kurset skal dei vite meir om god agronomi, og ha kjennskap til dei krava som er i landbruket og korleis dei kan tilfredsstille desse krava.
Det blir stadig nye reglar å forhalde seg til, og mange kvir seg for om dei klarar å halde seg oppdatert. I mange fjellkommunar er gjennomsnittsalderen blant gardbrukarane høg, og det er viktig å ta godt vare på nye og yngre brukarar, med tanke på rekruttering til framtida.
− Mange nye gardbrukarar har ikkje landbruksskule eller tilsvarande grunnutdanning, og difor er ei god og lokal rådgjevarteneste viktig i kvardagen, seier rådgivar Ragnhild Sjurgard.
− Kurset er ope for alle som finn det interessant, men vi inviterer spesielt nye gardbrukarar i fjellregionen. Det er ein vanskeleg definisjon, men vi definerer at ein ny gardbrukar er nokon som har teke over eller kjøpt ein gard siste 5 åra. Ein treng ikkje vera medlem i NLR for å vera med på kurset.
Kurs for nye gardbrukarar er nyttig, for at dei skal få oversikt over kva krav som finst i landbruket, og kva dei kan gjera for å oppfylle krava. Det er alt frå praktisk HMS-kurs, autorisasjonskurs i plantevern, gnagarkurs, kurs i varme arbeider, gjødslingsplan, sprøytejournal med meire. Ein vesentleg del av programmet skal vera innførande kurs i god agronomi og gjødslingsplanlegging.
− Dei nye gardbrukarane er gjerne interessert i tekniske løysingar, og ein viktig del av kurset vil vera å gå gjennom mellom anna Skifteplan mobil og NLR Surfôrtolken, som vil vera nyttige reiskap og gje nyttige resultat for gardbrukarane i kvardagen, legg rådgivar Jan-Erik Mæhlum til.
Rådgivarane, med kontor på grensa mellom Lom og Skjåk, legg vekt på å legge til rette for flest mogleg, både med tema og dag- eller kveldskurs tilpassa kvar kursstad. Dei understrekar at det er viktig å leggje opp til at det er tid til å vera sosiale i tillegg til det faglege. Sosiale møteplassar er viktig både for å få inspirasjon av andre som driv med det same, få "sosialt påfyll" og for å auke stoltheita av yrket sitt.
− Nokre generelle tema rekner vi er interessante for dei fleste. Det gjeld til dømes informasjon om NLR - kven vi er og kva vi kan hjelpe til med, generelle krav i landbruket og kva kurs NLR arrangerer og grunnprinsipp i gjødslingsplanlegging inkludert optimal utnytting av husdyrgjødsel, seier Sjurgard.
− Andre tema vert plukka ut etter lokale tilhøve, seier Mæhlum. Til dømes drenering og andre hydrotekniske tiltak på Lesja, og vatning i Ottadalen. Vi får óg med oss Innlandet sin hydroteknikkekspert Eivind Bergseth på nokre kurs, fortel han.
Nærare informasjon om stad og tid finn du i NLR Innlandet sin kalender på nettsidene.
Norsk Landbruksrådgiving Innlandet
Blæstad, Høyvangvegen 40, 2322 Ridabu
Telefon: 625 50 250
E-post: innlandet@nlr.no
Org.nummer: 960476573