Kurs i praktisk pløying engasjerer

17.10.2019 (Oppdatert: 17.10.2019) Morten Berntsen

KURS: Korleis ein skal stille plogen for eit godt resultat er ein vitskap mange gardbrukarar i Oppland no har tilegna seg. Fleire kunne dra heim med ein perfekt innstilt plog.

Engasjerte deltakere på praktisk pløyekurs i Gausdal. FOTO: Franz Anders Bakken

Etter endt kursserie er både deltakarar og arrangørar nøgde. 

– Dette har vore ein serie praktisk retta kurs. Vi har stilt plogar i praksis ute på jordet, seier Franz Anders Bakken, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet og ein av kursarrangørane. 

Han kan vidare fortelje at det har kome mange gode tilbakemeldinger i etterkant av kursa. 

 

Det beste middel mot ugras

At brukarane kan kome med eigen traktor og plog gjev dobbel vinst. 

– Utover ein god forståing om plogen si oppbygging og verkemåte, kan mange reise heim med ein perfekt stilt plog, seier Bakken. 

Han seier at plogen er det beste ugrasmiddelet ein gardbrukar har, og at ei god pløgsle legg eit viktig grunnlag for såbedet. 

– Dei fleste har ein plog som kan stillast litt betre, tilføyer Bakken. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.