Fagdag med vatning

16.10.2019 (Oppdatert: 17.10.2019) Morten Berntsen

FAGMØTE: Praktiske vatningsråd i korn, gras og potet, vedlikehald av gamle anlegg og planlegging av nye anlegg er tema for vatningsdagen onsdag 23. oktober. I tillegg vil det vere synfaring på eit anlegg i nærområdet.

Viktige momenter ved vedlikehald og planlegging av vatningsanlegg blir temaer på vatningsfagdag. FOTO: Morten Berntsen

– For nokre er vatning heilt naudsynt kvart år for å halde produksjonen i gång. For andre er det berre stundom eit behov for vatning. Dei siste åra har synt oss at å tenke vatning ikkje er gamaldags, seier Eivind Bergseth, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet. 

Han inviterer til fagdag med tema vatning onsdag 23. oktober kl 11.00 på Jønsberg videregående skole i Stange, Hedmark. 

Vatningsråd

Fagmøtet startar med ein sesjon om praktisk vatning for korn, gras og potet. 

– Vi tek for oss viktige momenter kring når vatninga skal starte, når er tørka mest skadeleg for den aktuelle veksten og kor lenge utover i sesong bør ein vatne, seier Bergseth. 

Han fortel også at det blir eit fokus på korleis en lagar eit oppsett for vassregnskap ut i frå fordamping og aktuell nedbør. 

 

Nye og gamle vatningsanlegg

Mange har eit gamalt anlegg som krev vedlikehald. Her blir det fokusert på smøring og sjekk av lager og pumpehjul. 

– Vi ser også på vatningsvogner med kritiske punkt som innspoling, girkasse, turbinhjul og vatningsspredere med vendemekanisme og manometer, fortel Bergseth. 

I tillegg vil siste del av dagen vere utandørs på ein gard i nærleiken, kor det blir ein gjennomgang av vatningsanlegget. Dette skjer på Grimerud gård (se kart). 

 

– Vi håpar mange tek turen til Jønsberg og får med seg fagdagen om vatning, avslutar Eivind Bergseth. 

Møtet er arrangert av NLR Innlandet med støtte frå Fylkesmannen i Innlandet. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.