Møteserie gjerding til sau og storfe

16.10.2020 (Oppdatert: 16.10.2020) Morten Berntsen

FAGMØTE: I samarbeid med Ragnar Vikingstad frå HT-gjerde, arrangerer NLR Innlandet ein møteserie om gjerding til sau og storfe med treffpunkt i heile vår region.

Sau på innmarksbeite Delta på møteserie om gjerding til sau og storfe. FOTO: Morten B Livenengen

– På møta vert det prata om framgangsmåte og kostnader med oppsetting av gjerde, erfaringar med gjerdelov, Mattilsynets krav og farlege gjerde, rovvilt og skadereduksjon, ramsar Magnhild Strand, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet og ansvarleg for møteserien.

Ho kan vidare fortelle at dei lokale landbrukskontora deltek og orienterer om aktuelle saker om gjerding.

Det vil bli enkel servering. Vi tek atterhald om endringar på grunn av korona.

Vi ber om påmelding i skjemaet under.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.