Ta di eiga helse på alvor

11.12.2020 (Oppdatert: 14.12.2020) Morten Berntsen

HMS: Verken arbeidsgivarar eller arbeidstakarar veit nok om helserisikoen dei utset seg for når dei jobbar med fjørfe, melder Arbeidstilsynet. Med ei HMS-avtale i NLR Innlandet får du ein systematisk gjennomgang av dine arbeidsforhold.

Mange fjørfebøndar slit med helseplagar. FOTO: Åsmund Langeland

– Rådgjevare i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) kan hjelpe med veiledning og bruk av verneutstyr og risikovurderingar, seier Linn Thorud, HMS-rådgjevar i NLR Innlandet.

Thorud er uroa over talla som Arbeidstilsynet har offentleggjort etter fjorårest kontroll hos fjørfehaldare, kor nær halvparten av fjørfebøndane hadde manglar når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv, gass og informasjon om slik eksponering.

– Ikkje minst er det viktig at produsentane møtar på helsekontroll når dei blir kalla inn hos bedrifthelsetjenesta, held Thorud fram.

Om du treng veiledning kring risikovurderingar i ditt fjørfehald, tek du kontakt med HMS-rådgjevar i NLR Innlandet.

> Linn Thorud

> Jens Chr. Lied

> Tore Jevnaker

> Vidar Westum

HMS-avtale for di helse

Ved å tegne ei HMS-avtale i NLR Innlandet får du rutinemessig gjennomgang og kartlegging av HMS på din gard for å finne gode løysinger på dine arbeidsrelaterte utfordringar.

> Les meir om HMS-avtala



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.