Open dag om vatn, Storsteigen 10.januar

07.01.2020 (Oppdatert: 07.01.2020)

HYDROTEKNIKK: Fredag 10. januar blir det fagdag på Storsteigen vidaregåande skule. Dagen deles i tre bolkar: 1. Generelt om drenering, 2. Vatning, 3. Større avling på elveslettene.

Når røret er helt tett må det graves. Foto: Eivind Bergseth.

Møtet starter kl. 10.00, på rom 5 i 2.etasje mot fjøset.

Eivind Bergseth i NLR Innlandet er dagens innleiar, med lang praktisk erfaring med både drenering og vatning. Han fortel at i fyrste bolken om drenering vil det bli gjennomgang av kva drenering betyr for auka avling, betre bereevne på jorda, mindre utslepp av klimagassar, tidlegare våronn og moglegheit for meir rett haustetidspunkt.

- Vi  omtaler korleis vatnet bevegar seg i jorda, grøftedjup og grøfteavstand på ulike jordartar. Vi går gjennom ulikt utstyr for drenering slik som skuffe-graver, kjedegraver, Raadahlshjul, grøfteplog og utstyr for spyling.

- I andre bolken, om vatning, vil vi gjennomgå vatning til dei viktigaste jordbruksvekstane, vedlikehald av vatningsutstyr og planlegging av nye anlegg. Vi ser på to hovudtypar anlegg: Vasstilføring  frå pumpestasjon og anlegg med naturleg trykk frå bekk eller tjern.

- For å få betre avling på elveslettene må ein senke grunnvatnet og ofte bygge forbygging for å hindre flom. I tredje bolken kjem vi derfor inn på profilering, kanalisering, forbygging, pumpestasjonar, sandkjøring etc. for å få sikrare og betre forhold  for plantevekst, seier Bergseth.

Mat og påmelding

Det blir mat i kantina.

Av omsyn til nok sitteplassar og matservering er  det fint om ein melder frå på førehand om ein kjem. Meld frå på SMS til skolen v/Ole Sigvart Dahlen, tlf 915 44 290, eller til Eivind Bergseth, tlf 952 00 352.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.