Regionalt miljøtilskot (RMP) er eit årleg tilskot til gardbrukarar som gjer ein ekstra miljøinnsats for å fremje kulturlandskapet og avgrense forureiningane frå jordbruket. I fjor kom det inn eit nytt tilskot til sonar for pollinerande insekt, det vil sei isåing av blomstereng i kantsoner. Det er også meldt om at det sannsynlegvis vil kome eit tilskot til dei som gjennomfører Klimaråd på garden. Dette veit me ikkje innrettinga på enno.

Ein søkjer om RMP-tilskot samtidig med produksjonstilskotet 15. oktober. Og NLR Agder kan hjelpe deg med søknaden både for RMP og for SMIL-tilskot som kan søkast digitalt. Det er kommunane som handsamar søknadane og dei har ulike søknadsfristar.

Miljo